Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag

Ei gruppe turkledde pensjonister oppstilt på en fjelltopp.
Alle 24 på Norskå 250 moh.

Sesong­avslutning i overlagsver!

Publisert

Heile 24 opplagte fotturfolk for med Kvennaferjå for å kom seg til Tingvoll og Norskå - eit heilt nytt utfartsområde for oss. Men den gode vegen og etter kvart stien, viste at her for det mange. Og mange sprekingar møtte vi, både som kom ned att frå morgontur og som nådde oss att på opptur. Stort sett berre kvikke damer, som slett ikkje virka frustrerte. Vel oppe ved toppflagget åpna det seg eit overlags utsyn vide omkring, sjølv om vi var berre 450 m over flomerket. Nordmøre er vakkert - ikkje minst ein slik klår haustdag. Og vi såg både heim til Surnadal og Knykjen, - liksom litt tryggare da, når vi var så langt heimåfrå. Men ikkje verre enn at vi til års skal prøv oss på grannefjellet, Kjerkjeberget eller Tuvå som dei seier lokalt.

Vi skal ha avslutningssamling på Hammerstuene seinare i haust, så vi kjem etter kvart med nærare dato m.m. i Trollheimsporten og Todalen.no.

Ei dame med ridehjelm som holder en påsalet hest.
Vi møtte rytter og hest fra Stall Stølan.
Turkledde folk på fjelltur.
Ser ned på Tingvoll og Tingvollfjorden.
Turkledde folk på fjelltur.
Oppover fin sti med røtter.
Turkledde folk på fjelltur.
Tørt og lett på fjellgrunn.
Myrlandskap.
Sti som eit smykke i naturen.
To turkledde damer på fjelltur.
Ein passiar før toppen.
Turkledde folk på fjelltur.
Ein imponerande fin tur med overraskande vidt utsyn.
Utsikt over fjord og fjell.
Fin utsikt til Nesøya og Stangvikfjorden.
Et vatn på fjellet, og noen personer i bakgrunnen.
Tjønn og topp like bak toppvarden.
Utsikt over fjord og fjell.
Flott utsyn rundt om i alle retningar.
Ei dame ved ei myrtjønn.
Ser innover Surnadalsfjoren og heilt heim.
Mylandskap, og folk som vandrer. Fjell i det fjerne.
Tilbake til toppvarden.
Ei gruppe turkledde pensjonister oppstilt på en fjelltopp.
Alle 24 på Norskå 250 moh.
Utsikt over fjorden.
På heimveg over Stangvikfjorden.
Powered by Labrador CMS