Surnadal pensjonistlag

Turkledde folk på rekke og rad over ei gangbru over en bekk på fjellet.
Over Seterelva til Valsetsetrin.

Fjellgruppetur til Valsetsetra

Fjellgruppeturen denne tirsdagen gikk til eit nytt område: Ålvundeidet og Valsetsetra.

Publisert

Grunneigaren, Asbjørn Valset, sa vi var velkomne til å parkere på hans grunn, og at vi måtte bruka Utistusetra med bord og benker til rasteplass. 

En bekk på fjellet.
Seterelva med sine fossefall
En mann som står og nyter utsikten på fjellet.
Kristian ser mot Grånebba, Vassnebba.
Turkledde folk som går på en tursti på fjellet.
Til seters.

Det var grei veg oppover, men bratt, så vi fekk opp både pusten og pulsen. Men det er vel ikkje minst derfor vi går. Det letna da vi såg Rennsetvatnet og kom inn i Valsetbotnen. Her var det utruleg vakkert; ein grøn seterdal omkransa av fjelltoppar og runde knollar. Peknoken er så fint namn at det må nemnast. Og ikkje å gløyme elva! Vatnet fossa nedover som i ei tropp, med mange stoar og hølar som freista til bading. Og så susen og brusen frå alt vatnet på veg nedover. Seterstølane tok imot oss i det sola kom fram - alt var regissert av ein ekspert! 

To parallelle steingjerder i et fjellandskap.
Kuråk ved Valsetsetra.
Morkne trestokker. Rester av et lite tømmerhus.
Ein gong ei brukbar og nyttig høyløe.

Vi skulle til den øverste setra, der var det plass til alle på verandaen, så vi benka oss og tok fram drikke og mat. Oddvar kåserte om soga til disse setrene, som går attende til midi på 1700 - talet. Dei var ikkje berre forlikte dei som røya setervollane: rett nedanfor er det to grove steingjerde som går ombreid, berre eit par meter i mellom. Da naboane ville tala den øvste eigaren til rettes og gikk opp 4 mann, dengde han likså godt alle i ein gong. Det var tak i gammelkarrain! Men vi som var 29 i talet var samde om det meste og kom oss vel nedatt!

En mann med hund og ei dame sitter på en benk og spiser niste. Bjørkeskog og et steingjerde i bakgrunnen.
Tre som koser seg på setertur.
En mann som står foran ei gruppe turkledde mennesker og snakker. De sitter på en veranda på ei fjellhytte, med et seterfjøs i bakgrunnen.
Oddvar Kvande fortel svært interessant om setringa på Valsetsetra.
Et gammelt seterfjøs.
Furet, verbitt og vakkert fjøs på Valsetsetra.
28 turkledde folk oppstilt for fotografering foran et gammelt seterfjøs.
Furet og værbitt er og dei 28 framom seterfjøset.
Ei dame som åpner døra på et gammelt seterhus på fjellet.
Murer etter et lite hus på fjellet. En slipestein stikker opp ved muren.
Gammal hustuft med slipestein
Ei smilende dame som ser gjennom et hull i ei treplate. Skog i bakgrunnen.
Takk for fin setertur og super guiding av Oddvar og Marit.
Powered by Labrador CMS