Surnadal pensjonistlag
Fjellgruppetur til Telstadfjellet
Denne tirsdagen tok fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag turen til Telstadfjellet.
Vi starta frå Lunneplassen på Bergheim og følgde den ytre
stien om Langurdenden til Telstadfjellet. Gjekk først på fin sti opp og gjennom
blandaskog. Over tregrensa fekk vi utsyn rundt om og til Surnadalsfjorden,
men morgontåka låg over fjelltoppane. Hellet var med oss med
opphaldsver heile turen, for vel heime utpå ettermiddagen kom regnet.
På Telstadfjellets topp, 580 moh, vart vi møtt av tre "luringar" som hadde starta turen før oss, og det såg ut for at dei var svært tilfreds med det! Så da vart vi i alt 21 spreke pensjonistar på fjelltur.
Den likandes og alltid blide Tor Asle guida oss trygt gjennom denne rundturen. Nedturen gjekk om Fjellhøttå, Kroklia og Holtin.
Takk for fin tur med positive turvener!
Førebels plan for neste fjelltur er Grytbakksetra, som høyrer til Fjordruta, Sjølbetent DNT-hytte.
Dette blir siste turen i denne haustsesongen, og vi håpar på stort oppmøte.
Detaljert kunngjering kjem seinare.