Fjellgruppetur til Middagshaugen
Enn at den siste turen vår før sommarferien skulle bli så
fenomenal flott!
Med 28 - 29 plussgrader og blå himmel i vakker fjellnatur
med vidt utsyn!
Vi køyrde bomvegen frå Kvennbøen opp til Kvenndalen, gjekk
så brua over Kvenndøla.
Så bars det ganske bratt opp til Haukarstokken, der vi møtte
Lars Steinar Ansnes som
guida oss gjennom turen. Han fortalde korleis det kunne vere
stor nytte av haukarplass, her Haukarstokken, før mobilens tid.
Det var godt at terrenget flata ut da vi kom på Kvennbøtæla, og stien var tørr og god. Framme på ein gammal seterstøl, der det på det meste ein gong var ni hus, vart det ein lang og god matpause medan Lars Steinar fortalde mykje interessant om Kvennbøtæla, blant anna frå tida med markaslått og rikt seterliv. Hytta til Lars Steinar Ansnes, som eigentleg er eit ombygd seterfjøs, ligg på denne stølen, og vi forstår godt at han stortrivst, får sjelefred og blir kreativ i denne vesle Tælastuå, 485 moh.
Turen gjekk vidare opp til Middagshaugen, 614 moh. med vidt utsyn til mange fjell, bøgda vår, fjordar og fleire bygder langt der borte.
Framfor varden på Middagshaugen, ligg eit fint flatt berg, som Lars Steinar Ansnes har gjeve namnet Fintenkjarplassen. Og vi både såg og følte at dette var rette plassen med riktig namn for filosofering og sjelfred.
Vi takkar Lars Steinar for guidinga og god formidling om gamle dagar på Kvennbøtæla!
Fjellgruppa takkar for mange fine turar i godt selskap og vil starte opp att tidleg i august.
Kunngjering om oppstart kjem, så følgj med!