Surnadal pensjonistlag
Fjellgruppetur til Fløystadfjellet
Da vi møttest låg skodda midt ned i Knyken, men det skremde ikkje 23 vandrarar frå å stille opp. Kankje rart å køyre og ta ferge for å kom på fjelltur når vi bur meste i Trollheimen, men det er artigt å sjå naturen litt lenger i uti fysnå og.
Mali venta oss på parkeringsplassen, så da var vi 24 som starta oppover skogsvegen til uvanleg fine seterstølar. Mange sauer såg og høyrde vi, midt i det som er området med mest gaupe i landet. Tapet av lam er også formidabelt.
Etter kvart som vi kom opp i utsiktshøgde seg skodda på, så det vart litt stussleg å høyra kor dei som hadde vore der før skrytte av utsikten. Men triveleg selskap og påfyll av mat og drikke - best det var var vi oppe ved varden.
"Hit skal vi attende i godver!" var det samrøystes vedtaket på heimturen. Og da vi kom ned att til stølane skein det opp såpass at vi såg kor vakkert landskapet omkring oss var. Det var vel verdt både biltur og fergetur!
Og så var det nye som var med og gjekk- det set vi stor pris på. Rekruttering er viktig der mange deltakarar lever på overtid, i fylgje statistikken. Det er kanskje slike turar som held oss i gang