27 turkledde folk oppstilt for fotografering foran en gammel steinbygning i fjellet.
Alle 27 samla på Ranessetra.

Fjellgruppa på tur til Ranessetra

Publisert

Vi var ei lang rekkje som starta oppover mot Salen. Veret var knapt halvbra, men vart ikkje verre heller. Skodda låg nedi dalenes dal, men moralen var god, så vi fortsett innover mot Midtsetra, og etter kvart skein vatnet fram. 

Ei gruppe turkledde folk på et utsiktspunkt i marka.
Oppå Salen.
Ei gruppe turkledde folk på vei nedover en fjellsti.
Ned mot Gammelsetra
Tre turkledde damer på et utsiktspunkt på en fjellsti.
Pause på Gammelsetra.
Ei gruppe turkledde folk som går på en fjellsti langs et vatn.
Langs Ranessetervatnet til Ranessetra.
En mann som sitter ved en peis inne i ei hytte.
Kaffikokar Tor Asle på Ranessetra

Det kringla røyk frå pipa, for der hadde Tor Asle fyra opp og koka ekte seterkaffe. Til slutt fekk alle plass inni skjelet, og no var vi ein meir: Gudmund K. starta som etteranmeldt frå bommen og nådde oss att på setra - 3,5, km motbakke ekstra gjekk for det same. Det vart sagt rosande ord om dei tre Ranesbrørne (Arne Jostein, Tor Asle og Svein Ivar) og Per Øyahaug, som var krumtappane i arbeidet da setra vart restaurert. Nedatt gjekk vi om Nilsbu, og no var veret og meir omgjengeleg. Alt i alt ein fin tur.

To menn ved et bord inne i en gammel steinbygning.
Nostalgi og hygge inne i seterskjelet.
Mange turkledde mennesker som sitter og spiser nista si på et gammelt setertun, med to gamle seterbyginger av stein.
Matpause på setervollen på Ranessetra.
To turkledde menn som sitter på en benk i marka og nyter utsikten ned mot bygda.
Nyter utsikten frå Malibu.
Mange turkledde folk ved ei hytte i marka.
Anne-Sissel viser stor gjestfrihet på Nebbu.
Powered by Labrador CMS