Annonse
Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag
Finverstur til Storsetra
Vi var litt spent på oppmøtet 18. mai, men pensjonistane våre har nok vore ute ein slik dag før. Godt oppmøte , godt humør og god fart opp vegen, og etter kvart sti, oppover mot målet som i dag var Storsetra ovafor Stangvika.
Vergudane gjorde sitt beste for å få til god stemning - det vart mesta varmt nok til oss som hadde på ullskjorta. Spegelblank fjord, grøne lier og kvite toppar, det var så vi kunne songe "Fagert er landet", hadde vi hatt pust att. Rasten på trammen i solveggen framfor setra vart av dei lange, men og av dei beste.