Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag:

Tur til Raudfjellet - i skodde

Publisert Sist oppdatert

Denne tysdagen gjekk turen i skoddeheimen.

Vi hadde gledd oss til å sjå om vår gode nabo i aust og opp på Raufjellet. Og dit kom vi, etter at vi hadde gått på fin sti og etter kvart søkkjedikje og blautmyr. Vi ana så vidt toppvarden da vi stoppa. Kjentmannen peika inn i skodda og sa at der er Rinnhatten og der Resvatnet. Med 5 meter sikt var det ikkje så nøye. Men matpakken var like god som moralen ellers, så da vi etter kvart fann att bilane, var vi samde om at det hadde vore ein triveleg dag. Og fin tur.

No tek vi ferie fram til august. Vi tek gjerne imot forslag til måtsame nye turar til hausten.

Godt skilta turstig
Behageleg start
Første pust i bakken
Staseleg gammal furu
Snarragaddj
Bra sikt mot nord enno
Opp mot toppen
Endeleg ved varden
Orientering ved Raudfjellvarden
Null sikt, men 17 blide fjes
Ned frå toppen, med håp om betre sikt
Fin steinstol
Kaffi og niste smakar godt i skoddeheimen
Tru om skodda lettar litt no
Best å trø varsamt
Litt utfordring kan det bli
Mange fine gaddar
Utsikt mot Langvatnet
God og fin stig på heile turen
Powered by Labrador CMS