Surnadal pensjonistlag

Flere personer ved ei lita hytte på en fjelltopp.
Hytta på Garbergsfjellet.

Fjellgruppetur til Garbergfjellet

Publisert Sist oppdatert

Denne gongen gjekk fjellgruppeturen austover, til nabobygda vår, Rindalen, og til Garbergfjellet. Stor takk til Ingeborg, som fekk tak i to gjeve vegvisarar, Inge og Odd Inge. Enkelt slik: om vi kom frå dei, ropa vi berre Inge, og einkvan kom. 

Vi la i veg frå skytebanen etter fin veg og sti, og kom etter kvart fram til ein lang og høg steinutgard. Vi stoppa og tenkte i vørdnad på alt slitet som låg attom dette minnesmerket over farne tiders rindalingar. 

En mann som står oppå et gammelt steingjerde og ser seg rundt.
Start på turen gjennom frodig gammalskog.
Turgåere som går langs et gammelt steingjerde,
Solid gammal steinutgard.
Et slikt som viser to mulige veier: 'Lett løype' og 'bratt'.
Tok bratt løype opp og lett løype ned.
Flere personer som klatrer oppover en veldig bratt sti, og hjelper hverandre.
Bratt var inga overdriving.

Regnet som hadde truga oss vart lettare, men det vart ikkje motbakken. Men takk vere god hjelp frå nabobygdingane kravla vi oss opp og opp og ut av skogen og opp i sol og bortimot flatland. 

Utsikt over bygda fra høgt oppe i lia.
Fin utsikt fra stien.
Flere turgåere oppå en topp med god utsikt over skog og fjell.
Utsyn til blant anna Rørdalen og Lomunddalen.
Flere turgåere på rekke og rad på en sti på fjellet.
Straks på Garbergsfjellets topp, 604 moh.
Flere personer ved ei hytte på en fjelltopp.
Vakthytta med tilbygg og tårn

Ved enden av stien, på toppen var det overlag fin utsikt og ei fin, åpen hytte. Det var godt å sette seg i ly for vinden og få i seg næring. Stor takk til Rørvatnet Vel! Fantastisk utsikt rundt omkring! Og takk til Odd Inge for gau orientering! 

Ei turkledd dame med ryggsekk, på fjellet.
Flott utsyn rundt om fra toppen.
Flere personer ved ei lita hytte på en fjelltopp.
Alle 24 fekk plass inni hytta.

Så bar det ein lettare sti nedatt, litt knall og fall, men alle kom fram til bilane med mange fine opplevingar i minnet. Enno ein gong STOR TAKK til Inge og Odd Inge for orientering og god guiding!

Ei gruppe med over 20 turkledde pensjonister oppstilt for fotografering.
Fjellgruppa med svært dyktige guider Odd Inge og Inge.
Powered by Labrador CMS