Møttest til positiv dialog om Surna
Fungerande ordførar Hugo Pedersen og stortingspolitikar og Sp-listetopp Jenny Klinge var torsdag på besøk hos Statkraft og kraftverksjef Per Ivar Ingstad. På agendaen stod både orientering, omvisning og ikkje minst diskusjon om balansen mellom kraftproduksjon og naturomsyn.
Med sine 4500 tilsette på verdsbasis, om lag 3600 av dei i Noreg, er Statkraft ein betydeleg aktør i det norske samfunnet. Dei står for ein tredjedel av samla norsk kraftproduksjon, og stod i 2019 for ei samla verdiskaping i Noreg verdt til saman 27 milliardar kroner.
At kraftproduksjon er ei stor næring, er det med andre ord liten tvil om. I det Statkraft kallar kraftverksgruppe Aura, der Per Ivar Ingstad er sjef, har dei sju kraftverk og to pumpeverk. Lokalt har ein Trollheim, Gråsjøen, Svorka og Nord-Svorka. Ved Trollheim kraftverk er det ni tilsette.
– Det er ein formidabel produksjon av kraft i Møre og Romsdal, seier Per Ivar Ingstad.
Storåsbyggen orienterte torsdag Senterparti-duoen Jenny Klinge og Hugo Pedersen om både drifta og strategiane til kraftgiganten. Ingstad nytta samtidig høvet til å rose fleire lokale aktørar, mellom anna Surnadal vidaregåande skole.
– Det er viktig for oss at dei tilbyr automasjon, slik dei gjer, for automatikarar har vi veldig lyst på her hos oss. Sjølv om vi ikkje har eit formelt samarbeid med skulen, prøvar vi å vere på tilbodssida, og vi føler vi har ein god dialog, seier Ingstad, som seier at dette er ei fin motvekt til at det har vorte noko vanskelegare å få tak i nødvendig arbeidskraft enn før.
Roser bedrifter i Surnadal og Rindal
Han fortel at Statkraft, som no har 28 tilsette i Møre og Romsdal, tidlegare hadde 70-80 berre ved Aura kraftverk på Sunndalsøra.
– Talet på tilsette har vorte kraftig redusert, og det har samanheng med at vi i stor grad brukar lokale bedrifter no, i staden for å gjere nesten alt sjølv, som før, seier han, og legg til:
– Spesielt og Surnadal og Rindal finst det mange veldig kompetente bedrifter. Dei små ein-, to- eller fem-mannsbedriftene er gull verdt for oss.
– Dette viser jo at det er stor verdi for lokale bedrifter å ha Statkraft her, skyt Jenny Klinge inn.
Ho er førstekandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal si liste til Stortingsvalet i haust, og både ho og fungerande ordførar Hugo Pedersen tykte det var nyttig å få ei orientering om status hos Statkraft.
Diskuterte motstridande interesser
Det vart og rom for å diskutere eit tema som opptek mange, nemleg korleis ein best mogleg balanserer omsyn til kraftproduksjon - og at denne må auke i åra framover - og omsyn til laks og lokal natur.
– Det som slår meg er at dette er todelt. Statkraft er ein ekstremt viktig samfunnsaktør. Dei produserer kraft, som samfunnet treng, og dei medfører stor verdiskaping for samfunnet, både lokalt og nasjonalt. Dei er både viktige og kjempedyktige. På den andre sida har vi lokale naturinteresser, med laksen, elva og det vi er opptekne av at skal bevarast for framtida, seier Klinge, og fortsett:
– Desse interessene kolliderer somme gonger. For meg er det veldig viktig å få ein slik prat som vi får ved eit slikt besøk. Ikkje berre fordi vi får nyttig informasjon, men fordi vi får diskutert kva moglegheiter Statkraft har for å tilpasse seg naturen og samfunnet rundt seg.
Stortingspolitikaren opplever at Ingstad og Statkraft er imøtekommande og villige til å diskutere løysingar i ei sak med motstridande interesser.
– Ja, dei har ei fin haldning til det, og lyttar til folk, samtidig som vi veit det er frustrasjon lokalt. Nettopp difor var både Hugo og eg opptekne av å formidle at vi meiner Statkraft må ta omsyn til laksen, elva, lokalsamfunnet og naturen når det er mogleg. Og mitt bodskap er at det er mogleg oftare enn i dag.
Frustrasjonen Klinge viser til, mellom anna over effektkøyring, som medfører relativt rask nedtapping av elva, har nyleg vorte omtala i avisa Driva.
– Vi tilpassar oss så godt vi kan
Per Ivar Ingstad støttar opp under det Klinge seier, nemleg at Statkraft prøvar så godt dei kan å ta omsyn begge vegar.
– Denne diskusjonen kjem opp kvart år, og lakseelva Surna trumfar mykje her i Surnadal. Det må vi leve med, og vi tilpassar oss så godt vi kan. Eg trur det går fint an å drive god straumproduksjon og samtidig ha ei god lakseelv, seier han, og legg til:
– Eg trur surnadalssamfunnet er godt kjente med utfordringane både elveeigarane og Statkraft har. Vi har ein veldig god dialog med elveeigarlaget.
Ingstad meiner det og er store fordelar med at Surna er regulert.
– Surna hadde vore knusktørr no utan reguleringa. Den hadde vore ei dårlegare lakseelv utan regulering, er min påstand, sjølv om det nok finst dei som ikkje er samde med meg i det, smiler kraftverksjefen.
Vil fortsette den gode dialogen
Fungerande ordførar Hugo Pedersen peikar og på kor viktig det er at ein får til ein fin balanse, der ein tek omsyn til både kraftproduksjon og naturen.
– Innbyggjarane i Surnadal har stor forståing for at det skal produserast kraft, og for dei inngrepa som er gjort. Samtidig vert det forventa at det vert teke omsyn til laksen, elva og attgroing. I tillegg er det viktig med konsesjonskraft og konsesjonsavgift, og at det vert lagt att økonomi lokalt. Det er litt av føresetnaden for at surnadalssamfunnet tykkjer det er greitt med kraftutbygging, seier han.
Pedersen trur at ein kjem langt med god dialog i saka.
– Ja, og der kan eg skryte av Statkraft. Dei har vore flinke til å ha med både grunneigarar og kommunen, og dei har gjeve gode orienteringar. Så den gode dialogen må vi fortsette med.
– Indre strøk skal ikkje måtte blø meir
Jenny Klinge legg vekt på at indre strøk ikkje skal måtte blø meir enn dei allereie har gjort når det gjeld kraftproduksjon, samanlikna med ytre.
– Eg forstår veldig godt motstanden mot vindkraft på ytre, men håpar samtidig dei forstår kva indre har ofra. Når vi no tenkjer på kraftproduksjon framover, må vi ha i mente at indre strøk ikkje må ta enda større belastningar, seier ho.
Belastningane ho då har i tankane er endå hardare regulering av elver, samt utbygging av endå fleire.
– Eg meiner ein skal vere veldig restriktive med den typen nye grep på elvene, fordi det er gjort så mykje allereie. Men ein kan modernisere, mellom anna utstyr, og gjere grep, som gjer at ein klarar å få meir kraftproduksjon - utan at ein øydelegg og skapar større problem for naturen og artar, som laksen, seier ho.