To damer som står på en elvebredd.
Jenny Klinge og Annett Ranes ber om en kompensasjonsordning for de som taper mye på at elva blir stengt for resten av sesongen.

Sender brev til klima- og miljøministeren og ber om kompensasjon for stengte lakseelver

Sist veke gjekk varaordførar i Surnadal Annett Ranes (AP) og stortingsrepresentant Jenny Klinge (SP) ut i media og fortalte om si bekymring for dei lokale næringsdrivande som blir ramma av stenging av laksefisket i elvene.

– Som politiske representantar frå Surnadal kommune ser eg og Jenny Klinge med bekymring på situasjonen i vår kommune etter stenging av laksefiske i Surna, sier Annett Ranes.

I dag, onsdag, har dei sendt brev til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, med oppfordring om å få på plass ein kompensasjonsordning for elver som er råka, og andre tiltak for å kunne bevare villaksen.

– Vi håpar vi med påtrykk og informasjon kan få på plass noko som på kort og lang sikt vil vere til det beste for villaksen og alle berørte rundt, sier Ranes.

Dette er brevet til statsråden:

Kompensasjon for stengte lakseelver

Viser til Miljødirektoratet sitt vedtak om å stenge 33 elver den 21. juni og vidare stenging for nær halvparten av desse etter ny vurdering 9. juli.

Det var eit inngripande tiltak som får store negative konsekvensar for fleire i dei kommunane det gjeld, som til døme elveeigarar, overnattingsstader, turistnæring og handelsliv. Så må det òg seiast at det er med stor bekymring dei fleste ser på utvikling av villaksbestanden. Tiltaket møter difor òg stor forståing.

I eit skriftleg svar til Stortinget uttalte Klima- og miljøministeren at det ikkje ville kome nokon statleg økonomisk kompensasjon for dei som er råka. Ein av grunnane er at næringsaktørar må omstille seg etter det næringsgrunnlaget som eksisterer.

Vi meiner ei slik grunngjeving ikkje tek innover seg den situasjonen dei varierte næringane står i. Mange av desse aktørane har hatt tøffe år med restriksjonar under koronapandemien, sjølv med kompenserande tiltak den gongen. Og om samfunnet no har opna opp, har pandemien endra vanar som gjer at næringsgrunnlaget ikkje er tilbake som «vanleg». Vidare kom varsel om stenging med berre 30 timar frist. Det er urimeleg å vise til evne til omstilling med så knappe tidsfristar.

Ein annan svært viktig faktor for å bevare laksebestanden vil òg vere å gjera det mogleg for elveeigarlaga å halde fram med å skjøtte dei forvaltningsoppgåvene som dei har teke på seg i desse elvene. Om næringsgrunnlaget forsvinn utan kompensasjon vil og dette gå utover økonomiske moglegheiter til ein god forvaltning av elva.

NMBU har etter oppdrag frå Norske Lakseelver rekna ut at omsettingstapet for berre 11 av dei fyrste 33 elvane som vart stengte er på heile 330 millionar og at ein har eit tap på 123 millionar i verdiskaping.

Vi meiner det igjen må vurderast ei kompensasjonsordning, og også meir midlar til eksisterande eller nye tiltak som kan styrke arbeidet for villaksen. Vi ber om at direktoratet tek opp dialogen med Norske Lakseelver og andre aktuelle næringar rundt konsekvensane av stenginga og korleis ei kompensasjonsordning skal innretta seg.

Sidan framtida til villaksen også heng saman med korleis oppdrettsnæringa blir regulert og fungerer, oppmodar vi regjeringa sterkt om å gjera grep i den komande havbruksmeldinga som forbetrar situasjonen til villaksen. Likeins å sjå nærare på korleis kraftregulering kan innrettast slik at det påverkar villaksstammen i minst mogleg grad i regulerte vassdrag. 

Sjå lenker til meir info under.

Det er viktig å tenkje heilheitleg i arbeidet for villaksen. Men uansett meiner vi at ei vurdering av kompensasjon/kompenserande tiltak for aktørar som er ramma av elvestenging på sin plass no, både med tanke på situasjonen i sommar og komande sesongar.

Mvh

Annett Ranes
Varaordførar Surnadal Kommune, Arbeiderpartiet 

Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Under er lenker frå vår kommune som kvar for seg syner skadevirkningane av den hastige nedstenginga og dannar grunnlag for en ny vurdering om ein statleg kompensasjon til dei som er råka.

https://www.nrk.no/trondelag/opnar-16-stengde-lakseelver-_-men-fisket-blir-strengt-regulert-1.16957876

https://www.driva.no/nyheter/i/LMlVkx/omsetningen-gikk-ned-11-prosent-i-juni

https://www.driva.no/nyheter/i/W0RVpj/maa-faa-kontroll-med-menneskeskapte-hindringer

 

Powered by Labrador CMS