LESERINNLEGG:
Havbruksmillionar til besvær, eller?
Glade ordførarar jublar over havbruksmillionar inn i kommunekassene. Heim med rundt 50 millioner, Smøla med rundt 70 millioner eller kva det no var. At ordførarar og kommunedirektørar er glade kan eg forstå, men kva er innsatsen? Las at dei uttala seg i Tidens Krav om kva dei skal bruke pengar på, og ikkje ein einaste kommentar gjekk på å rydde opp etter elendigheta i oppdrettsnæringa. Først får dei ei solid næring til gards, som brukar av vår felles naturarv, så kjem det millionar tikkande inn i tillegg.
Kva med dei kommunane som verkeleg føler på kroppen at oppdrettsnæringa er ødeleggande slik den har vore drive i mange år? Sunndal og Surnadal har elver som slit så det held. Eit havbruksfond skulle absolutt ha vore bruka til å « hjelpe» elvene. Vi ofrar elver og fjordar med den teknologien og den massen som har vore i oppdrettsnæringa så langt. Så vidt eg har fått med meg er oppdrettsnæringa den største trusselen for vill-laksen i dag. Ja, det er andre truslar også, både med klima, kraftutbygging og forurensing, men havbruksnæringa er ifølge truverdig forskning den største.
Sunndal ser eg ikkje på lista over tildelte midlar i det heiletatt. Surnadal er der med nokre hundre tusen, som absolutt bør brukast på elvene. Det skulle vore langt meir.
I tillegg må det settast
politisk press på oppdrettsnæringa, og leggast til rette for anlegg der vi
hindrar rømming og lakselus, som er drepen for vill-laksen og ørretten. Dette er
alvor! Fjordane lir også i stor grad saman med elvene. Dette må vi ta tak i.
Reint personleg blir eg rett og slett trist og forbanna, etter å ha vakse opp
ved elva og med laks og ørrettfiske som stor hobby i barne og ungdomsår.
Som mdg-er blir eg også litt fortvila, for vi blir alt for ofte «idiotærklært» før vi kjem til ordet. Vi ønsker å ta vare på fjordane og elvene våre, og det verste er at det går an å få til viss ein vil. Men viljen kan fort minke når kommunane håvar inn millioner som kan brukast slik det passar. Da sett vi fort velfungerande økosystem i fare med kortsiktig tenking.
Eli Vullum Kvande i mdg Surnadal stilte følgjande spørsmål i eit lesarinnleg i Driva den 19. september i 2018. « Vil vi at fremtidens barn skal svømme i en frisk fjord, eller i et basseng bygd på havbruksmillioner?»
Det er eit betimeleg spørsmål seks år etter også, og dette var før vi starta å stenge elevene. Og det verste av alt er, som alt nemnt, at det faktisk går an å gjera noko med det.
Kjell Gunnar Polden
Frustrert kommunestyrerepresentant for mdg Surnadal