Surnadal Jeger og Fiskerforening
Trivelig «Fiskesommer» på Nordvik
Torsdag kveld inviterte Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til «Fiskesommer» i Slettneset på Nordvik. Arrangørane, med Ola Røe i spissen hadde laga eit flott arrangement med høg trivselsfaktor og litt konkurranse.
«Fiskesommer» er eit arrangement i regi av Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF), og blir arrangert over heile landet. «Fiskesommer» har vore arrangert i meir enn tjue år.
På SJFF sitt Fiskesommer»-arrangement var det premiering av lengste fisk, kortaste fisk og flest fiskar. SJFF hadde fått ordna med åtte båtar som dei nitten unge deltakarane vart fordelte på. Etter litt i underkant av to timar ute på fjorden kom båtane inn att til moloen i Slettneset, der det var stor spenning knytta til både fangst og størrelsen på denne.
Medan dommarane gjorde seg ferdige med måling og registrering av fiskane, kunne fiskarane, og alle andre, kose seg med nygrilla pølser med brød, hamburgarar med brød, eplekake og kaffe.
Etter måling og registrering av alle data vart fangsten filetert og vakuumpakka, før fiskaren fekk fangsten sin med seg heim.
Før premieutdelinga fekk alle dei unge deltakarane utdelt forskjellege effektar frå NJFF og SJFF. Det var også trekning i gratislotteriet. Her vart Kaja Pedersen den heldige vinnaren av ei fiskestong med krokar.
Til slutt var det tid for å avsløre vinnarane av fiskekonkurransen. Her viste resultatlista at Leon Haga vann kategorien kortaste fisk, med ein fisk på 27 centimeter. Premien var ei fiskarveske, sikeskrin og ein refleksvest.
Marit Sæther vann kategorien flest fiskar, og vart premiert med fiskarviske, fiskeskrin og mateske.
Kategorien lengste fisk vart vunnen av Noah Guttormsen med ein fisk på 84 centimeter. Premien her var ei fiskarveske, fiskeskrin og thermoflaske.
Leiar i SJFF, Turid S. Eggen, var godt nøgd med deltakinga, gjennomføringa og ikkje minst vêret under årets «Fiskesommer», noko vi utan vidare kan seie oss samde i!