Pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune:

Arkivbilete

Sikrar Kvanne ferjekai – slik blir trafikkavviklinga

Tysdag 6. april startar Møre og Romsdal fylkeskommune sikringa av Kvanne ferjekai. I fem veker blir det jobba store delar av døgnet for å stabilisere steinfyllinga og sikre sjøbotnen mot utvasking. Dette må dei reisande vite om trafikkavviklinga.

Større og kraftigare ferjer har ført til undergraving av steinfyllinga ved Kvanne ferjekai slik at fyllinga har vorte ustabil og treng sikring slik at ho ikkje rasar ut.

Rekn ekstra tid

Dei første to vekene av anleggsperioden (6. -16. april) blir det satt opp ein 30 meter lang støttevegg mot den gamle dampskipskaia. Veggen blir bygd av 20 meter lange spuntnåler som blir satt 18 meter ned i sjøbotnen. Dette skal skje frå måndag til laurdag mellom kl. 07 og 18, mens ferja går i sambandet.

Det er berre ein halv time mellom avgangane. Det vil seie at ferja går i skyttel mellom Kvanne og Rykkjem. Det kan bli knapt med tid når ferja skal ta omsyn til at det blir arbeidd på kaia. Trafikantane må difor planlegge for at det kan bli forseinkingar desse to vekene.

Maks 30 min ventetid

– Ferjene vil gå kontinuerleg så langt det lar seg gjere. Men to gonger om dagen i løpet av den første arbeidsperioden skal ferja korrespondere med bussavgangar. Da kan det bli nødvendig å innstille ein avgang for å komme inn i ruta igjen. Men det er uansett så hyppige avgangar i sambandet at ventetida vil vere maks 30 minutt om det skjer, seier byggeleiar Oskar Einarsson i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fjord1 varslar ikkje forseinkingar eller innstilling av enkeltavgangar med SMS desse to vekene. Byggeleiaren oppmodar trafikantar som skal reise i sambandet om å rekne litt ekstra reisetid eller ta ein tidlegare avgang om dei har avtalar dei skal rekke.

Nattarbeid og innstilte avgangar

For å hindre ytterlegare utvasking må sjøbotnen også sikrast. Massen som ligg der i dag blir skifta ut før 42 betongmadrassar som kvar veg 9,8 tonn blir lagt utover botnen for sikring. Mellom 19. april og 7. mai blir avgangane etter kl. 2100 innstilte alle dagar unntatt natt til søndag.

Arbeidet blir gjort frå lekter der ferja vanlegvis ligg ved kai og da kan det ikkje vere trafikk i sambandet.

– Det tek to timar å rigge opp og ned utstyret. For å få effektiv gjennomføring og hindre trafikken minst mogleg innstiller vi kveldsavgangane etter kl. 2100. Ferja går som normalt frå morgonen igjen, forklarar byggeleiaren.

Kvanne ferjekai sett frå styrhuset på nyferja Stangvikfjord.
Powered by Labrador CMS