Møre og Romsdal Fylkeskommune melder:
Forlenger byggeaktivitet, men set opp fleire ferjeavgangar på Kvanne–Rykkjem
Byggeaktiviteten vil påverke ferjesambanda fram til rundt 20. desember, seier Møre og Romsdal Fylkeskommune i ei pressemelding.
I slutten av november meldte Møre og Romsdal fylkeskommune om endringar i rutetidene på ferjesambanda Kvanne–Rykkjem og Arasvika–Hennset. Årsaka til endringane var byggearbeid på Kvanne ferjekai og fartøybyte.
For å kunne halde ferjesambandet Kvanne–Rykkjem mest mogleg opent under byggearbeidet, er det sett inn ei mindre ferje i dette sambandet. Fartøybyte er også årsaka til endringar i rutetidene på sambandet Arasvika–Hennset.
Problem med borerigg
Ferjekaiprosjektet i fylkeskommunen skal utføre naudsynt forsterkingsarbeid samt forlenging av tilleggskaia på Kvanne. I delar av dette arbeidet skal det nyttast ein borerigg. Fylkeskommunen meldte i november at endringane ville vare fram til 12. desember. Men på grunn av tekniske utfordringar med boreriggen, har det ikkje vert mogleg starte denne delen av byggearbeidet før no. Byggeaktiviteten vil derfor påverke ferjesambanda fram til rundt 20. desember.
Når rutetabellane ikkje vart endra tilbake til normalen sjølv om boreriggen ikkje var tatt i bruk, skyldast det at det oppstod fleire tekniske feil på boreriggen ved ferjekaia på Kvanne.
– Vi måtte vi oppretthalde dei endringane i rutetabellane og fartøy som vi allereie hadde meldt, for å kunne utbetre feila, fortel byggeleiaren for ferjekaiprosjektet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Oskar Einarsson.
– No er heldigvis boreriggen i orden, slik at vi kan kome i gang med dette arbeidet.
Ny rutetabell
FRAM og fylkeskommunen fekk tilbakemeldingar på at det vart vanskeleg for mellom andre pendlarar som reiser Kvanne–Rykkjem med den rutetabellen som var sett opp frå 29. november.
– Vi har derfor sett på rutetabellen på nytt i samarbeid med ferjekaiprosjektet og Fjord1, opplyser Atle Ræstad, rådgivar for drift i FRAM i fylkeskommunen.
– Ein ny rutetabell er utarbeida og denne vil gjelde frå og med 7. desember. Rutetabellen vil truleg bli slik ut byggeperioden i april neste år, men frå 20. desember vil det igjen gå større ferje i sambandet Kvanne–Rykkjem. Den nye rutetabellen har omtrent same opningstid som den førre, men med fleire avgangar kvar dag. Oppdaterte rutetabellar kan trafikantane finne i FRAM-appen eller i reiseplanleggaren på nettsidene til FRAM.
Ræstad opplyser også at rutetabellen for Arasvika–Hennset vil vere den same som vart meldt i november.
– Den vil gjelde fram til 20. desember. Deretter vil det bli normal drift i dette sambandet, seier han.
Trafikkvakt
Byggeleiar Oskar Einarsson fortel at det er sett inn trafikkvakt på Rykkjem ferjekai.
– Dette har vi gjort for at det skal gå smidigare med oppstilling og trafikk i sambandet, seier han
Både ferjekaiprosjektet og FRAM oppfordrar framleis vogntog til å velje alternative vegar fram til det blir sett inn større ferje igjen på Kvanne–Rykkjem.
Endringar for buss
Den nye rutetabellen gjer at det blir nokre endringar for busslinje 902 FRAM Ekspress Surnadal–Molde. Desse endringane vil gjelde så lenge rutetabellen for Kvanne–Rykkjem er gjeldande:
- Avgangen frå Surnadal kl. 22.10 blir innstilt.
- Avgangen frå Molde kl. 21.00 blir utsett til kl. 21.10. Endestopp for denne avgangen blir på Sunndalsøra. Avgangen frå Sunndalsøra kl. 22.35 blir innstilt.