Surnadal Pensjonistlag og Fagforbundet arrangerer datakurs for medlemmane i pensjonistlaget.

Pensjonistar kursar seg for å bli digitale

Publisert Sist oppdatert

Den digitale kvardagen har for lengst gjort sitt inntog i samfunnet vårt, noko som kan føre til utfordringar for enkeltpersonar og grupper. I dag må ein vere digital for å kunne få utført mange tenester i samfunnet, mellom anna både bank- og helsetenester.

Surnadal Pensjonistlag, i samarbeid med Fagforbundet, har teke konsekvensane av dette, og starta sist tysdag opp med dataopplæring for medlemmane i pensjonistlaget.

- Dette er eit kurs der ein startar heilt på «scratch» der målet er å lære seg å bruke heilt grunnleggande ting på internett som å lese Trollheimsporten, kommunesidene, kunne bruke Bank-ID og å logge seg inn i nettbanken for å utføre daglege banktenester, seier Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag.

Dame holder datakurs på skjerm
Gunn Bredesen i full gang med dataopplæringa.

-Kursdeltakarane skal også lære seg å sende og å lese e-postar, legg han til.

Gunn Bredesen er engasjert som lærar på kurset. Pensjonistlaget har fått låne nettbrett (iPadar) frå Møre og Romsdal Pensjonistforbund, slik at alle kursdeltakarane har likt utstyr. 

-Dette er ein klar fordel, da funksjonane og utsjånaden på skjermane på nettbretta er den same, noko som er ein stor fordel for læringa, seier Kristian.

Kursdeltakarane får også låne med seg nettbretta heim for å trene litt heime.

Gunn Bredesen har ti engasjerte kursdeltakarar.

Målet med kurset er som sagt at Olav, Britt, Jorunn, Synnøve Ola, Lars Magnar, Serine, Johanne, Kirsti skal lære seg å kunne bruke digitale hjelpemiddel til å lese nettsider, lese e-postar, bruke Bank-ID og å logge seg inn i nettbanken for å utføre daglege banktenester. Dei skal også lære seg å bruke helseappar som Helse-Norge og Helsa Mi.

-Kurset varer difor fram til alle har lært seg dette og er fortrulege med å bruke digitale verktøy i kvardagen, avsluttar Kristian.

Powered by Labrador CMS