Pris til Extra Rindal
Extra Rindal årets butikk
Framfor 900 i salen mottok butikksjef Birgitte Kattem, Extra Rindal, prisen for beste Extra-butikk i Region Midt. Det skjedde under den årlege landssamlinga for butikksjefar på Gardermoen.
Landet er delt i fire regionar, og det var i Region Midt at Extra Rindal fekk prisen som beste butikk med omsetning under 60 millionar.
- Det var stort å ta imot denne prisen framfor 900 i salen, seier butikksjef Birgitte Kattem. - Dette er resultat av eit godt lagarbeid av ein gjeng dyktige kolleger!
Grunnlaget for prisen er ei rekke nøkkeltal for 2022. Butikkane blir vurdert mellom anna på omsetningsutvikling og kor nøgde kundane er. Extra Rindal skårer godt over gjennomsnittet på desse nøkkeltala.
Premien er, som du ser på bildet, kr 10 000,- som skal brukast på sosialt tiltak for dei tilsette.
- Da må vi finne på noko på ein søndag, for dei andre dagane er nokon av oss på jobb frå kl.7.00 til 23.00, seier ein smilande butikksjef.
Tidlegare i år fekk dei pokal og diplom for Årets Extrabutikk i COOP Nordvest.