Kaffegjengen på YX-stasjonen
Per Skjølsvold blar opp vinnaren og Johan Landsem kontrollerer under oppsyn av kaffegjengen.

Premiering for Elvepromenaden i Rindal

Elvepromenaden langs Surna frå Sunna til Bolme er ein populær tursti i Rindal. Ved gapahuken like ved Rinnvollen stadion er det utlagt turbok. I 2024 var det rundt 3500 registrerte besøk der. Onsdag vart den årlege premien uttrekt mellom desse registreringane.

Den høgtidelege trekninga vart gjennomført - i år som i fjor - av 10-kaffegjengen på YX Rindal (Rindal Bensin & Service).

Vinnarnamna
Vinnaren på line 265 var ...

På vinnarlina i protokollen stod  det Lillian og Amalie, og ved god hjelp av lokalkjente kan Lillian Grøseth og barnebarnet Amalie Kirkholt Lindvåg få premien. 

Pølse på spekkfjøl
Premien, rødvinspølse på ei flott spekkfjøl

Det er spikkjepølse og spekkfjøl. Den flotte spekkfjøla er laga av Asbjørn Skjølsvold, visstnok av alm.

Gapahuken ved Elvepromenaden er målet for turen.

Elvepromenaden er knytta saman med turstien som startar ved parkeringsplassen på Igltjønna, går forbi Rindalshuset, gjennom boligfeltet, over Sunna-brua og til gapahuken ved elvepromenaden. Dette er også Rindals VM-løype i samband med VM i Trondheim.

Elvepromendaden Bolme Trimpoeng

Trollheimsporten hadde denne reportasjen om Elvepromenaden i 2020!

Gapahuken ved Rinnosen, Elvepromenaden
Gapahuken med trimboksen, hyggelig møteplass ved Elvepromenaden.
Powered by Labrador CMS