To menn og to kvinner sitter ved et restaurantbord og ser fornøyde ut. En av dem holder tommelen opp.

Yin og Yang popup-restaurant til terningkast 6

Publisert

Veka før påske arrangerte elevbedrifta Yin og Yang restaurant på 7. trinn ved SUBUS restaurantkveldar for spesielt inviterte.

I mange år har skulen hatt avtale med «Inn på tunet» på Oppistua Øye. Der sådde og dyrka dei grønsaker dei kunne selje i elevbedrifta si. Dette skuleåret hadde ikkje «Inn på tunet» moglegheit. Lærarane måtte difor tenkje annleis, og sidan elevane hadde mat og helse i fjor, og tilgang på kantine, var ei elevbedrift som driv restaurant ein god ide.

Elevane starta med å sende ein søknad på stillingane dei trudde dei passa til. Nokon ville vere kokk og nokon ville være økonomiansvarleg, osb. Lærarane såg på søknadane å ga kvar elev tilbod om jobb.

Restaurantsjefane og dei med økonomiansvar drog til Sparebank 1 og fiksa konto og vipps. Dei snakka om mange avanserte ting som elevane ikkje skjønte så mykje av der og da, men som dei har lært meir om etter kvart.

Før jul laga elevane fikenmarmelade og eplesmør som dei selde. Etter jul skulle dei arrangere restaurantkveld der dei kunne invitere to gjestar pr. elev. Dessverre fekk elevbedrifta ei utfordring da det vart oppdaga mus på skulekjøkenet i januar, og skulekjøkenet vart stengd. I mars vart endeleg skulekjøkenet opna igjen, og dei kunne starte planlegging og organiseringa for gjennomføring av restaurantkveldane.

Fire gutter som står ved siden av hverandre på skolekjøkkenet.
Skolelever jobber med mat på skolekjøkkenet
Skoleleelver som jobber med mat på skolekjøkkenet.
Skoleleelver som jobber med mat på skolekjøkkenet.

Elevane og lærarane har jobba hardt i forkant, og denne veka kunne dei endeleg vise kva fram dei har jobba med. Gjestane vart møtt av portierane då dei kom, designgruppa hadde pynta bord og lokalar, showbiz-gjengen hadde stålkontroll på underhaldninga, og ikkje minst laga kokkane kjempegod tapasmat. Vi må også nemne at vi har restaurantsjef, servitørar og PR-ansvarlege. Sistnemnte har laga dette innlegget, teke bilete og ikkje minst skaffa oss sponsorane. CONSTO, Sparebank 1, Sveen Auto, Midt-Norsk olje og Møre Royal.

En plakat med navn på ulike sponsorer

Gjestane var imponerte over opplegget og elevane.

- Ein fantastisk kveld, terningskast 6, seier Torbjørg Rosvoll Bøe.

- Kjempegod mat og proft opplegg. Vi storkosa oss, seier Hege Tøllefsen.

Vidare seier Jorid Rudolfsen at det var kjempekoseleg å bli møtt av flinke elevar, god matlukt og bakgrunnsmusikk da dei kom, og at maten og desserten var kjempegod. Ho likte også underhaldninga med kahoot, og tek gjerne i mot fleire invitasjonar.

Overskuddet skal elevane bruke til ein koseleg og sosial klassetur på slutten av barneskulen.

Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Skoleelever som jobber med mat på skolekjøkkenet.
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023
Foto: Elevar på 7. trinn ved SUBUS 2023

BILDESERIE:

Powered by Labrador CMS