
Ein venn til minne – Karl Sæther
Aldri har vel «Jeg er en seiler på livets hav» gjeve meir meining enn da vi tok avskjed med Karl Sæther i Ranes kyrkje. Skulle eg nokon gong skrive bok om liv og lagnad til ein stor kamerat, ville han ha vore hovudpersonen.
Sjølv om han var litt eldre enn meg, var vi jamaldringar og nære naboar frå gutedagane. No når han har lagt skuta til kai for godt, blir minna dess meir levande.
Som 4-åring mista Karl mor si. Etter ei tid hos mormor Marit på Surnadalsøra kom han til tante Anny og onkel Ole Staknes i Bøfjorden og vart heilt og fullt bølending.
Som den kreative og oppfinnsame han var, leia han gutegjengen i fleire pretter og tiltak enn eg kan nemne her. Men papir-raketten med svartkrut på Orheim-trappa glømmer eg ikkje! Ei heller da vi som gutungar lånte kastenota og med to bomkast og to storkast på Omnabukta kunne rekne opp 77 fin-fine aurar!
Sjøen var Karl sitt element og arena. Etter skuleskipet «Statsraad Lemkuhl» vart det utanriksfart på tankskipet «Dahle» ei kort tid. Heime var han alt frå gutedagane med onkel Ole mykje på fraktefart – ei næring han utvida til stor drift i seinare år. Som bøfjord-gutar flest jobba han på fleire snurpebåtar – eksempelvis «Veslegut» og «Anna O».
Under militærtenesta på Steinkjer møtte han Sparbu-jenta Åse, som i 1966 vart kona hans og mor til døtrene Bente, Anne og Åse Karin. Også i forlovelsestida viste Karl sitt alltid kreative pågangsmot – noko som fortel kva Åse betydde for han: Kven ville elles ha kjørt vintertur Bøfjorden-Sparbu på moped?
Naboforholdet vårt vart fornya da vi busette oss attmed kvarandre på Sagbakken først på 1970-talet. Med mange ungar i liv og leik vart det eit nært og varmt fellesskap. Omtenksam som han var, gav han alltid ei handsrekning når det trongst.
Fraktefart var yrket. Etter eit tid på Staknes-båtar som «Marnet» og «Jarlon», vart Karl sjøl reder med eigne skuter – først «Hans Magne» (1975). Sia førte han «Kwai», «Havås» og andre på sandfrakting og lengre turar. Kontaktskapande som han var, fekk han venner langs heile kysten.
Men livet baud på både stille og storm. Vi fekk også oppleva nedturar. Som da han ringte meg frå sjukehuset i Bodø og fortalte at han hadde forlist med «Nupen» i Vestfjorden og at ein av mannskapet hans hadde omkome.
Sjømenn talar helst stilt om høgare makter. Men Karl var bevisst på «han oppå Blålofta». Og når livets skavlar braut som verst, var håpet og optimismen der: - Å, det er fleir daga austafor!
Etter nedtrapping av eiga drift tok han jobbar som leigeskipper, var ei tid på Fjord 1 og dreiv i 13 år Bæverfjord Camping saman med Åse. Betre service enn hos desse to trur eg campingturistar kan leite langt etter!
Å ta tak for andre var hans varemerke. Innsatsen i Røde Kors Hjelpekorps seier sitt. I dykkarklubben Fjolne hadde han både gleder og høve til å hjelpe andre. Småfiske med sjarken heime i Bøfjorden var ei stor glede. Og drømmen om gamle seglskutetradisjonar levde han ut da han skaffa seg Colin Archer-skøyta «La Gorda».
Campingturar gjorde han og Åse ofte – og langt. Så var det da tragisk at han etter ein slik tur fekk hjeneblødning ved eit fall. Tapper som alltid kjempa han også med denne helseskaden i sine siste 5-6 år.
Sjøl om språk og førleghet var hemma, hadde han stor glede av TV og av eiga lesing. Og når han fekk opne bøker og blad med skuter og sjøfart, vart alt anna uvesentleg. Her opplevde han mykje av livet sitt på nytt.
No har han fortøydd for siste gong. Men minnet skal leva vidare – om ein venn som laut «stå han av» meir enn dei fleste. Og som gjorde det med ære.
Takk for raust vennskap!