Mange mennesker rundt flere små bord i et forsamlingshus.
Folk frå fire kommunar samla seg til nyttårsfest på Eidet bedehus.

Innhaldsrik nyttårsfest

Den tradisjonelle nyttårsfesten på Eidet bedehus samla folk frå fire kommunar og hadde eit stort og variert program, både verbalt og musikalsk, leia av Svein Volle.

Publisert Sist oppdatert
En mann som spiller munnspill.
Ola Bræin med folketonar på munnspel.

Ola Bræin gav oss ei fin orientering om samlinga av dyrebar folkemusikk i vårt distrikt, ikkje minst gjennom eit stort historisk arbeid av hans far, Edvard Bræin. Og på munnspelet bar han fram, vart og inderleg, mange av desse perlene, spesielt frå Stangvik/Todalen, men og andre, som Visetone frå Romsdal. Av dei lokale var vel den mest kjente Juleverset frå Stangvik, men og «Midt i hårdest vinter..» og dei kontrastfylte tonane til den såre «Når mitt øye, trett av møye..» og den glade «Når jeg blant englers kor en gang..»

Ei dame som står og synger,
Karen Oddny med lokale folketonar på nyttårsverset og juleverset.

Både nyttårsverset og juleverset vart også vakkert sunge av Karen Oddny Gravvold på den lokale variant av toner frå Åsbøgarden.

Sverre Hatle las fleire innhaldsrike dikt om tida vår og livet, også eit eige skrive dikt.

En mann som står og synger, og en som spiller piano.
Svein Volle song mektig solo til nydeleg akkompagnement av Bjørn Vevang.

Fellessong høyrer med på ein fest, og den eminente pianisten Bjørn Vevang både akkompagnerte og improviserte og satte spiss på festen. Flott og mektig solosong av Svein Volle kom også til sin rett med slik musikk. Songar av Einar Ekberg og Gunnstein Draugedalen og den fine songen om bønn av Herman Wildenwey og  Johan H. Grimstad.

En mann.
Bjørn Hovde var hovedtalar på nyttårsfesten.
En mann ved et piano.
Pianist Bjørn Vevang.

Hovedtalar på festen var tidlegare sokneprest Bjørn Hovde som «deklamerte» store bolkar av Bibelen utanboks, både frå Det gamle og Det nye testamentet ut frå temaet om skuld og soning. Abels blod (vår skuld) som ropar til ein Gud som ser menneska og som viser nåde gjennom Jesu reinsingsblod «som talar sterkare enn Abels blod.» Som ikkje ropar, men talar til Gud.

Ei lita jente og ei eldre dame som spiller Ludo.
Det går an å ta eit slag ludo hvis tida blir for lang på ein fest for meir vaksent publikum.

Fin bevertning og hyggestund ved borda høyrer også med på ein bedehusfest. Og sjølv om det nettopp hadde vore jul, så gav forsamlinga over seks tusen i gåve til arrangørane, Normisjon og Eidet bedehus.

Etter å ha avslutta med salmen «Jeg tror på jordens forvandling», hjelpte mange med å rydda og hausta juletreet som hadde stått frå tidlegare juletrefest til tjuand - dag jul neste dag.

Powered by Labrador CMS