Eidet Bedehus
Stille påskevandring
Anna Sæther inviterte til innhaldsrik påskevandring på Eidet bedehus palmesøndag. Ho hadde laga ei rekkje fine «stasjonar» til stille refleksjon, takk og bøn og forbøn, med oppmoding til å leggja av våre bører, skuldkjensle og bitre tankar (symbolisert med steinar ved Jesu kors). Og ved den knuste krukka og forteljinga om Maria søm sløste kostbar olje over Jesus, spørja oss sjølv kva vi kunne ofra for Jesus.
Det vakre korset frå Taiwan, som er vanleg i kyrkjene der, var ei spesiell påminning om den store sammenhengen vi står i med kinesiske teikn for orda som kunne omsetjast med «mitt beger flyter over».
Endestasjonen var Jesu oppstode med takk og lovprising for hans død og oppstode og det evige livs håp.
Etter strålande gudsteneste først på dagen, var dette ein stille kveld med vakker bakgrunnsmusikk, fellessong og solosong av Sigfred Gravvold som song vårsongen «Symra», og av Svein Volle som song to vakre påskesongar.
Takk til Anna for ein god inngang av påskeveka.