Misjonsmessa samla mange
Eidet Bedehus var fullsett av små og store under NLM-foreininga «Vårvon» si misjonsmesse laurdag.
Stor innsats var gjort i forkant, med å planlegge program, lage og skaffe gevinstar, selje lodd og førebu servering. Alt utført på beste vis. Mykje imponerande husflidsarbeid og anna vart utlodda.
Så vart da også heile arrangementet vellykka. Det gode oppmøtet viser at misjonsarbeidet nyter stor velvilje og interesse.
Av programmet nemner vi familieandakten ved områdesekretær i NLM (Misjonsambandet), Lars Petter Ødegård. Med bibelmotiv på lerretet gjorde han adventstida levande for unge og eldre. Gunhild Marie Täringskog framførte vakre songar med pappa Kristian Settem på gitar.
Eit festleg innslag var dei aller yngste sitt opptrinn med «Kven har skapt alle blomane?» og andre bevegelsessongar.
Arrangørar og frammøtte har atter gjort stor felles innsats på Eidet Bedehus – anført av søstrene Anna Sæther og Inger Marie Paulsen med gode folk i alle funksjonar.
Og kva er eit betre vitnemål enn det økonomiske resultatet av årets førejulsmesse: Over 82.000 kroner til misjonsarbeidet!