Eidet bedehus

Mary-Ann Foldnes Fiske og Ragna Meisingseth tok oss med 90 år attende til tida da foreininga vart starta

Jubileumsfest med historisk perspektiv

Publisert Sist oppdatert

Allehelgensdag feira «Vårdag Misjonsforening» 90 år med ein interessant og stilig fest som samla mange på Eidet bedehus. 

Formann Inger Marie Paulsen, som leia festen, poengterte at det passa godt med eit slikt jubileum på Allehelgensdag, ein dag som minner oss om dei som har gått føre og no er heime hos Gud, også dei som starta misjonsarbeidet, som dei tolv unge jentene på Surnadalsøra som 16-17 år gamle kjente naud for folket i Kina som ikkje hadde fått evangeliet om Jesus, og som difor starta ei forening i 1933, kalla «Pikeforeningen Vårdag». Dei hadde som mål å senda ut misjonærar, og foreninga har arbeidd trufast i alle år sidan under Misjonssambandets motto: «Verda for Kristus».

Formann ønsker velkommen
Formann i foreininga, Inger Marie Paulsen, ynskjer forsamlinga vel møtt til jubileumsfest

Gjennom denne misjonsorganisasjonen har det frå Surnadal etter kvart vore utsendt fleire misjonærar, Marie Sollid til Etiopia, Anna Sæther til Taiwan, Lars Hals til Japan, og Synnøve Gjeldnes Myklebust til Etiopia.

Taler
Områdeleiar Lars Petter Ødegård kom med fin helsing til jubileet.

Områdearbeidar på Nordmøre, Lars Petter Ødegård, hadde funne ut at foreninga har bidratt med millionbeløp til misjonens store arbeid i inn- og utland. Ryggraden i arbeidet er det jamne foreningarbeidet, men også misjonsmesser har gitt gode inntekter.

Den første møte- og kassaboka er oppbevart, og den viser at det første møtet var halde 29. mars 1933 hos Ingeborg Aasbø med Åsta Ree som formann. På dette møtet kom det inn 3 kroner til misjonen. Medlemstalet har gått opp og ned, frå dei første 8 til 30 i 1939, og omlag 10 medlemer i dag.

Damene Ragna Meisingset og Mary-Ann Fiske framførte ein levande og interessant sketsj om dei første jentene som ivrige ringte til Bergen og fekk besøk av ei utsending som reiste den lange vegen med båt til Kristiansund og vidare med båt til Surnadalsøra for å inspirera dei og orientera dei om arbeidet i Kina. Sketsjen viste korleis ein liten start kan bli til noko stort og varig.

Vi fekk også ein historisk gjennomgang av starten på Kinamisjonens etablering i Bergen i 1891 etter inspirasjon av den engelske Kinamisjonæren Hudson Taylor. Da Kina vart stengd for alt misjonsarbeid etter krigen, og misjonærane måtte reisa ut i 1950, vart det starta misjonsarbeid i mange andre land. Da vart også namnet forandra til Norsk Luthersk Misjonssamband, NLM.

Taler
Leiar for Norvest-regionen av Misjonssambandet, Steffen Stensland tala til forsamlinga

Den nye regionleiar Steffen Steinsland heldt ein fin tale over «saligprisningane», som var dagens tekst (Matt 5,1-12). Han framheva at «sæle er dei utilfredse», som er noko av tekstas innhald, dei som har ei heilag uro, for det er alltid noko som ikkje er fullført, men ein dag er vi i mål, det evige liv.

Sangere
Rannveig Gammelsæther og Ruth Solbakk gleda oss med mange fine songar.

Søstrene Reidun (Gammelsæther) og Ruth (Solbakk) deltok med fin song, gitar og piano.

Det var også mange helsingar og flott bevertning.

Vi i andre misjonslag deler gleda og gratulerer med jubileet som også var eit skikkeleg kulturarrangement.

Powered by Labrador CMS