Surnadal vidaregåande skole endrar idrettstilbodet og satsar mot nytt tilbod:
– Målet er å kunne tilby E-sport ved skulestart hausten 2021
Surnadal vidaregåande skole jobbar no med moglegheitene for å tilby E-sport som programfag, og interessa blant noverande elevar er stor. Skulen varslar og strukturendring i det eksisterande idrettstilbodet.
E-sport, som enkelt forklart er elektronisk konkurransespeling, der utøvarane konkurrerer mot kvarandre i ulike dataspel på datamaskiner eller spelkonsollar, er i vinden som aldri før.
Profesjonelle turneringar vert gjerne følgd av millionar av menneske verda over, og i mange land, mellom anna i Norge, vert E-sport-turneringar sendt på riksdekkande tv.
Hausten 2016 vart Arna vidaregåande skule ved Bergen den første i landet som kunne tilby elevane sine toppidrett E-sport, og sidan er fleire komne etter.
Lokalt har Nordmøre Folkehøgskule etablert ei E-sport-linje, og no sonderer altså Surnadal vidaregåande skole terrenget, med tanke på å starte opp programfaget toppidrett E-sport.
– Det handlar om at vi, som skule, i tillegg til å tilby det tradisjonelle, må tørre å hive oss frampå. Vi må finne den rette balansen mellom å gro fast og å vere altfor visjonære, seier Jens Nervik.
Kartlegg interessa
Han er avdelingsleiar for fellesfag og studiespesialisering ved skulen, og fortel at sjølv om dei no er heilt i startgropa av dette prosjektet, har dei rukke å lodde stemninga blant eksisterande elevar.
– Så langt er det kjempestor interesse, seier han, medan Hege Fiske, som etter alt å dømme blir lærar på eit eventuelt programfag toppidrett E-sport, supplerer:
– Ja, interessa blant elevane har vore mykje større enn venta. Vi skal høyre med elevane på ungdomsskulen og, slik at vi har ein peikepinn på interessa blant dei som kjem derifrå.
Om ikkje lenge skal Surnadal vidaregåande skole ut på runde med orientering til ungdomsskulane i Rindal, Halsa og Surnadal. Her vil E-sport verte nemnd, og sjølv om det per dags dato ikkje er avklart om det kan startast opp, er Nervik og Fiske offensive i tankegangen.
– Vi må tenke offensivt, og det hadde vore veldig artig å kunne seie at dette garantert skjer. Men vi er avhengige av elever og ressursar, og å sjå dette opp mot budsjetta våre.
Målet er likevel klart: skulen ønskjer å ha det valfrie programfaget klart før søknadsfristen 1. mars 2021, slik at det kan startast opp ved skulestart neste haust.
Slik læreplanen er i dag, vil dette i så fall verte eit tilbod for elevane som går studiespesialisering - slik det eksisterande toppidrettstilbodet også har vore.
Når det gjeld konkrete spel det skal satsast på, er ikkje dette bestemt, men Counter-Strike: Global Offensive (CS: GO) og League of Legends vert nemnd som aktuelle kandidatar.
Treff ei anna målgruppe
Jens Nervik er klar og tydeleg på at eit E-sportfag på ingen måte vil vere å «leike skule».
– Får vi starta opp dette, skal vi satse proft og fagleg retta, gjennom ein god læreplan og kompetente lærarar. Det handlar om å sette E-sport i system, og strukturere både det systemet og elevane som vel faget.
Hege Fiske trur at skulen gjennom eit slikt tilbod kan nå ei litt anna målgruppe enn ein gjer med dagens idrettstilbod.
– Vi trur vi treff litt andre elevar gjennom E-sport, og at det kan vere med å heve statusen litt for det dei interesserer seg for. På denne måten kan ein vise at E-sport er noko heilt anna enn berre å sitte i ein kjellar og vere asosial – slik mange nok trur. Realiteten er at det er noko heilt anna, seier ho engasjert, og fortsett:
– Gjennom dette faget kan elevane få oppleve at det dei driv med, faktisk blir verdsett, og vi trur det kan verke positivt for dei som har dette som si hovudinteresse.
I og med at E-sport er eit programfag under toppidrett, handlar det og om å utvikle seg som utøvar.
– Skal ein verte ein betre utøvar, er det viktig med ein strukturert kvardag med nok søvn og fokus på sunn mat. Vi ønskjer å leggje opp dette slik at ein ser på dette som trening.
Toppidrettslærar Ingvild Berg peikar på at det i læreplanen for faget, også ligg inne ein del fysisk trening.
– Læreplanen er, naturleg nok, retta inn mot elevane sin spesialidrett, E-sport, men fysisk trening vil og bli ein viktig komponent, seier ho, og uttrykkjer stor tru på eit slikt tilbod:
– Eg trur det er kjempeviktig for motivasjonen at elevane kan velje fag der dei får bruke identitetsmarkørane sine, og dermed føle at dei held på med noko som treff dei.
Utviklar viktig kompetanse
Tidlegare i år var representantar ved skulen på besøk hos Tiller videregående skole i Trondheim. Der har dei E-sport som programfag på fjerde året.
– Dei opplever mykje positivt med det. Dette handlar litt om at mange ungdommar kan sitte i mange timar og heile kveldar og nettet og spele, og her har vi moglegheita til å få løfta det fram i lyset og inn i skulen, seier Jens Nervik, og får støtte frå Hege Fiske:
– På Tiller sa dei faktisk at E-sport-elevane i sum spelar mindre enn før, men meir fokusert. Dei får ei anna, og kanskje sunnare, tilnærming til det.
Sunnare tilnærming er ein ting, fortel lærarane. Eit anna viktig aspekt som gjer det freistande å satse på eit slikt fag, er den stadig aukande etterspurnaden etter det som gjerne vert kalla «det 21. århundrets ferdigheiter»
– Ved Tiller VGS trekkjer dei fram desse eigenskapane, som kommunikasjon, samspel, samarbeid, kritisk tenking og kreativitet. Alt dette kan ein jobbe med innanfor E-sport, seier Nervik, og legg til:
– Ikkje alle som går toppidrett fotball blir Eliteserie- eller Toppserie-spelarar, men dei kan bli veldig verdifulle ressursar og leiarar innan fotballen. På same måte kan E-sport-utøvarar bruke kompetansen sin til andre ting enn å spele.
Hege Fiske viser til at teknologi blir viktigare og viktigare i arbeidslivet.
– Fleire og fleire bedrifter er ute etter slik kompetanse, og gjennom E-sport kan ein opparbeide seg gode ferdigheiter, seier ho, og nemner reaksjonsevne, som kan vere viktig i samband med mellom anna styring av droner, som døme.
Har Svorka med på laget
Ei av bedriftene som er ute etter denne typen kompetanse og ferdigheiter, er Svorka. Marknadssjef Sylvia Stokke sett stor pris på Surnadal vidaregåande skule sitt ønskje om å tilby E-sport, og lovar at Svorka skal støtte opp.
– Vi har eit samfunnsansvar når det gjeld å støtte idrett og anna i lokalsamfunna våre. Det er ikkje alle som passar i dei vanlegaste idrettane, og vi har tidlegare støtta ulike LAN og hjelpt denne typen miljø.
Stokke fortsett:
– Det vi ser, er at dette er kompetanse vi treng både no og på sikt. Den er vanskeleg å definere, og dermed vanskeleg å lyse ut etter, og aktuelle kandidatar kan vere vanskelege å få hit til Surnadal. Det er ein av grunnane til at vi ønskjer å støtte Surnadal vidaregåande skole i samband med ein eventuell oppstart av E-sport.
Ein annan grunn til at Svorka er med på laget, er for å støtte barn og unge.
– Her kan vi støtte ungdom som får halde på med noko dei har lyst til, og vi trur dette kan vere ein kjempeviktig faktor når dei skal opparbeide seg verdifull kompetanse. Gjennom E-sport kan dei få meistring, og at dei kan gjere noko bra saman med andre.
Svorka-representanten trur og at auka anerkjenning for det dei som driv med E-sport interesserer seg for, kan føre til at fleire seinare vel å byggje vidare på dette i jobbsamanheng.
– Her snakkar vi ikkje om at folk skal jobbe med å spele spel. Det kan vere prosessar som skal programmerast, behov for folk med evna til å jobbe godt saman med andre i eit lag, eller evne til å drive med historieforteljing. Dette er viktig kompetanse, og vi ønskjer oss folk med oppdatert kunnskap og erfaring.
Sidan det på det noverande tidspunkt ikkje er avklara om E-sport-faget blir noko av, er det heller ikkje avklara kva Svorka skal bidra med.
– Om det er med ei feit fiberlinje eller noko anna, skal vi i alle fall støtte initiativet, på lik linje med anna idrett.
Endrar frå topp til breidde
Samtidig som skulen varslar at dei er i startgropa med eit tilbod om toppidrett E-sport som programfag, annonserer dei og ei strukturendring i det allereie eksisterande idrettstilbodet.
– Det blir ei endring frå toppidrett til breiddeidrett. Det famnar ei breiare elevgruppe, samtidig som vi framleis kan ta vare på elevane som satsar - dei vil framleis kunne spesialisere seg innan sin sport, seier avdelingsleiar Nervik.
Toppidrettslærar Ingvild Berg meiner dette vil gjere det mogleg å bruke rammefaktorar og føresetnader i Surnadal på ein betre måte.
– Endringa til breiddeidrett let oss bruke til dømes alpinbakken og Nordmarka meir og betre, og vi får større variasjon i tilbodet, seier ho, og fortsett:
– Veldig mange sluttar med organisert idrett i løpet av dei åra dei går vidaregåande skule, mange fordi dei er lei av å spisse treninga si inn mot ein bestemt idrett. Difor trur eg breiddeidrett treff fleirtalet, som vil drive meir variert, betre.