LESERINNLEGG:

kvinne i grå genser ute
Kristin Sandnes, Rovdyransvarlig Møre og Romsdal Bondelag

No hastar det å få kontroll over rovdyrsituasjonen!

Tysdag denne veka møtte Møre og Romsdal Bondelag landbruks- og matminister Geir Pollestad. Beskjeden var klar: No hastar det å få kontroll over rovdyrsituasjonen!

Publisert

Beitenæringa i fylket, særleg i Fjord kommune og Rauma kommune, har lidd store tap til jerv i år. Dei to kommunane har samla tap av lam på 40 prosent etter årets beitesesong! I Fjord kommune syner førebelse tal at om lag 650 dyr ikkje har kome heim frå beite. Ein slik situasjon kan vi ikkje leve med!

Slike tap er uakseptable i høve til dyrevelferd og direkte øydeleggjande for beitenæringa. Fleire bønder vurderer no ikkje å sette nye lam på søyene sine. I so fall inneber det i praksis at drifta vert nedlagd.

For mykje jerv i beiteområda

Årsak til dei store tapa er for mye jerv i beiteområda. Stortinget har vedtatt eit nasjonalt bestandsmål for jerv på 39 ynglingar (kull). I 2023 var det 64 dokumenterte ynglingar. I år er det 58. Dette er langt over målet som Stortinget har bestemt. I tillegg må vi rekne med at det finst udokumenterte ynglingar i tillegg.

Dramatisk utvikling

Utviklinga har gått feil veg for bøndene i fylket. Eit døme er bonde Kristian Indreeide. Indreeide driv gard i Eidsdal i Fjord kommune og er nestleiar i Møre og Romsdal Sau og Geit. Drifta er basert på grovforproduksjon og sauehald, og ligg innanfor forvaltningsområdet for jerv. I år sleppte han 352 dyr på beite i fjellet (125 vaksne og 227 lam). Tapa etter årets beitesesong er hele 50 prosent for lam og 2,4 prosent for vaksne sauer. Til samanlikning var tapstala 2,6 prosent på lam og 1,8 prosent på sau før jerven kom inn i beiteområdet 2017. Utviklinga talar for seg sjølv.

Ei krise for norsk mattryggleik

Noreg har berre tre prosent dyrka mark. Resten er fjell og utmark. For å nå Stortinget sitt mål om auka sjølvforsyning må utmarksressursane utnyttast.

Sauen er ein fantastisk ressurs. Han gjer det mogleg å utnytte grasressursane i utmarka til å produsere førsteklasses mat. Samstundes bidrar beitinga til å pleie og oppretthalde kulturlandskapet vårt. Bruk av utmarksbeite om sommaren frigjer innmark som kan nyttast til produksjon av vinterfôr.

No krevst det handling!

Det er fleire årsaker til at vi har meir jerv enn bestandsmålet som Stortinget har vedtatt. Lisensjakta på jerv som vert gjort av vanlege jegerar er ikkje er effektiv nok, og statlege myndigheiter og forvaltning gjer ikkje nok for å innfri Stortinget sitt vedtak. Det er eit demokratisk problem.

Klima- og miljødepartementet kan instruere Miljødirektoratet til å ta i bruk andre verkemiddel enn lisensjakt og be om igangsetting før perioden med lisensjakt er ferdig. Det er gjort i brev av 4. september 2024 til Miljødirektoratet. No står det att å sjå om direktoratet føl opp.

Som kontaktperson for rovvilt i fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag, vil eg følge nøye med på kva Miljødirektoratet gjer framover. Dersom Bondelaget meiner at forvaltninga ikkje gjer nok for å handtere den kritiske situasjonen vi er oppe i, vil vi sende brev til Klima- og miljødepartementet med kopi til Landbruks- og matdepartementet. Om situasjonen ikkje blir betra snarast bør Riksrevisjonen undersøke kvifor statsforvaltninga ikkje oppfyller demokratisk fatta vedtak frå Stortinget.

Kristin G. Sandnes, Rovdyransvarlig Møre og Romsdal Bondelag

Powered by Labrador CMS