ANNONSE:
Markering av kvinnenes internasjonale bønedag
Velkommen til markering av kvinnenes internasjonale bønedag på kyrkjelydshuset på Skei fredag. 4. mars kl. 18.00.
Kvinnenes internasjonale bønedag starta i USA i 1887, då kvinner frå ulike kyrkjesamfunn samla seg om ein felles bønedag. I dag blir bønedagen (World Day of Prayer) markert i meir enn 170 land og regionar. I Noreg starta slike samlingar i slutten av 1920-åra. Kollekten som vert samla inn, går til Bibelselskapet sitt bibelmisjonsarbeid. Bibelselskapet samarbeider med sine internasjonale kontaktar, for å finne kvinnerelaterte prosjekt i dei landa bønedagsprogrammet kjem frå.
I år har vi fokus på kvinner i England, Wales og Nord-Irland. Årets prosjekt støtter tiltak for å hindre vold i heimen, forbedre livssituasjonen til menneske som lever i fattigdom og støtte menneske med fysiske og psykiske utfordringar.
Og tema for kvelden er henta frå profeten Jeremia i Det gamle testamentet:
For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.