Julaftansgudsteneste i Ranes kyrkje
Alle adventslysa blei tent, og presten og organisten forsterka preika med etterfølgjande soloinnslag. Var ikkje julestemninga satt før, kom den i alle fall da.
Julaftan var det full kyrkje på Ranes i Surnadal. Det var bilar parkert på heile parkeringsplasssen og langs grusvegen heilt bort til naboane. Det var fullt både nede i skipet og oppe på galleriet.
Lystenning
Sokneprest Pål Arne Winsnes og klokkaren leia meinigheita stødig gjennom gudstenesta, medan Amund Valde hadde full kontroll på tangentane.
Jenta Frida stilte frivillig opp og tente levende adventslys, eitt i starten av kvart vers av songen "Tenn lys". Det satte ei fin heilheit under songen.
Imponerande soloinnslag
Soknepresten og organisten imponerte sterkt med eigne soloinnslag.
Det første starta etter ei preike som fenga dei oppmøtte, da organisten kom ned og spela, og Winsnes forsterka bodskapet i preika med solosong av "Himmel på jord".
Dette blei etterfulgt av eit strålande fint orgelspel av kjenningsmelodien til Tre nøtter til Askepott.
Stor songglede
Nynorsk satte sit preg på teksta på halve av songane. Det var særs stor allsangfaktor til praktfullt orgelspel under heile gudstenesta. Det var kjente songar, som "Glade jul, hellige jul", "Eg er så glad kvar julekveld", "Det lyser i stille grender", "Du grøne, glitrande tre, god dag!" og ikkje minst "Forbøn"som handler om jordas barn i alle land.
Gudstenesta avslutta med stemningsfulle "Deilig er jorden".
Vil du sjå og høyre gudstenesta i si heilheit, finn du den nederst i denne saka.
Den norske kyrkja Rindal og Surnadal er medlemmar av Trollheimsporten.
.