ANNONSE:
Astrid Overaa med «mimrestund» i Todalen
«Da e va lita» …va byen vår litt annerledes. Vi sang andre sanga og leika andre leika. På lørdagskvelden hadde vi ikkje taco eller pizza, men mamma mi laga gode skive med fiskepudding og majones-smilefjes på. Så hørte vi på Barnetimen på radio. Da e va lita gikk tida litt saktere. Eller gjorde den egentlig det?
Den folkekjære skuespelaren Astrid Overaa er tilbake i Surnadal, eller rettare: Todalen, for å synge og fortelje om korleis det var å vekse opp i Ålesund. Ho mimrar tilbake gjennom både morosame og såre historier i selskap med viser og songar som har følgt ho – og Jan Gunnar Åkre er med og bidreg på piano.
Dette femti minutt lange stykket frå Teatret Vårt har arrangør Surnadal kulturhus denne gongen lagt til Todalen ungdomshus, og på ei tid da dagsljoset held stand – kl. 14 på måndag 7. november.
«Den kulturelle spaserstokken» (Møre og Romsdal fylkeskommune) er å takke for at det er muleg å tilby denne lune stunda, og det er fri inngang.