Forestilling kommer til Surnadal kulturhus i april:
Danse med skjebnen på kulturhuset
Danse med skjebnen er eit underhaldande musikkteaterstykke basert på songane til Dance With a Stranger. Etter strålande tilbakemeldingar frå publikum over heile fylket, kjem stykket til Surnadal kulturhus onsdag 26. april.
Og det er ikkje berre den jamne publikummar som var svært godt nøgd med det dei såg: «Ein skikkeleg konfekt av ei teaterframsyning», skreiv Klassekampen etter premieren..
Den nye framsyninga, skriven av Vidar Kvalshaug, tar utgangspunkt i songane det folkekjære Kristiansund-bandet Dance With a Stranger hadde suksess med på 80- og 90-talet. Tekstane er omsett til nordmørsdialekt av Eli Stålhand, og dannar rammeverket for ei gripande forteljing om musikalske og reelle minne.
– I møtet mellom dei nye omsetjingane og manuset, oppstår nye tolkninger av musikken. Å lese og synge på dialekt gjør tekstane nære, og vi oppdagar historier og skjebnar som ligg skjult i tekstane, seier teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag ved Teatret Vårt.
Regissør for framsyninga er Hanne Tømta, tidlegare sjef for Nationaltheatret. Historia utspelar seg på ei nedlagd ferjekai. Vi møter tre personar som må finne ut av noko i sitt eige liv, og eit band som har venta så lenge at dei nærast har blitt ein del av inventaret.
Og merk deg denne gullrekka av musikarar som er med på oppsetninga: Rune Tylden er kapellmeister og har med seg Øystein Sandbukt, Sindre Klykken og “vår eigen” Jo Inge Nes.
Romsdals Budstikke melde etter premieren at «låtene er frittstående perler som kunne forsvart en ren konsert», i tillegg til å trekke fram skodespelerprestasjonane som svært gode.
Tiden Krav skriv på si side «Dance With a Stranger + teater = sant. Og det funker som bare juling» - og kallar framsyninga ei «mystisk og mektig reise gjennom DWAS' univers».