Kulturvøkku 2023
Katter er som kvinnfolk
Kunstnarane på Dalalåven har ein ting felles sjølv om dei er frå to verdensdelar, dei er glade i katter! Kulturvøkku-utstillinga på Dalalåven inneheld 139 bilde i ulike format, og det var katter på mange av dei.
Gjesteutstillar hos Inga Dalsegg på Dalalåven under Kulturvøkku 2023 er Ronald West, og han kjem heilt frå Sør-Afrika. Han har med seg over 100 bilde!
Under opninga retta Ronald West ein stor takk til Rindal Sparebank som hadde gjort det muleg for Inga Dalsegg å invitere han til Rindal med kunsten sin.
Inga Dalsegg var på si side glad for å ha fått han hit. Ho fortalde at dei begge, i tillegg til kunstmaling, var glade i katter. Katter gjekk igjen på svært mange av bilda til Ronald West.
- Cats and women have one thing in common, they come - and go, sa West. Vi merker også at det er kvinner på dei aller fleste bilda.
Det er første gong Ronald West stiller ut i utlandet.
Ronald West likte veldig godt det han hadde sett av Rindal og Norge så langt. Ja, han kunne godt tenke å busette seg her, men var litt usikker på vinteren. Vi trøsta han med at vi hadde varme klede og gode hus og viste til tømmeret i veggen på Dalalåven.
Han var bekymra for utviklinga i heimlandet sitt både politisk og økonomisk. Forholda i Cape Town var ikkje så bra. Han trudde kriminalitet og korrupsjon var ti-dobla på dei over tjue åra som er gått sidan skribenten besøkte byen.