- Jess, det verka! Varaordførar Kjetil Løften fekk opna døra til den døgnopne butikken med appen Coop Key på mobilen sin!Foto: Ole Trygve Foseide
Morgendagens butikk
Torsdag vart "Morgendagens butikk" opna av "Morgendagens kunder" på Rindalsskogen. Coop Marked Nybø, på Rindalsskogen markerte opning av digital butikk med at varaordførar Kjetil Løften klypte snor assistert av barnehagebarn før han opna døra med mobilappen CoopKey.
Varaordførar Kjetil Løften klypte snora assistert av "Morgendagens kunder"!Foto: Ole Trygve Foseide
Mange ville vere med på nyopninga på Nybø, som var fint flaggpynta denne dagen.Foto: Ole Trygve Foseide
Det var godt oppmøte utafor butikken på Nybø når opningstidspunktet nærma seg. Det var tydeleg at mange ville vise støtte til dette nye tiltaket for å halde liv i nærbutikken.
Frå i dag kan du handle på Nybø heile døgnet. Med appen Coop Key på telefonen din kan du opne butikkdøra på Nybø og gjere handelen din i den nyoppussa, lyse butikken og betale deg ut ved sjølvbeteningskassa. Etterpå skannar du deg ut og kjører fornøgd heim.
Heile handelen blir overvåka av 14 kamera inne i butikken. Det gjer handelen trygg både for deg og butikken.
Det blir fremdeles muleg å handle på tradisjonell måte og møte betjening mellom kl.11.00 og 17.00 frå mandag til lørdag.
Mobilappen Coop Key lastar du ned gratis på telefonen din og loggar deg inn med BankID.
Varaordføraren tok ein prat med Morgendagens kunder frå Øvre Rindal barnehage.Foto: Ole Trygve Foseide
Driftssjef i Coop Nordvest Hanne Langås leda opningsseremonienFoto: Ole Trygve Foseide
Coop Nordvest, eit område som strekker seg langs Norgeskysten frå Førde til Stokkøya, har 8 digitale butikkar, medan Coop har knapt 30 i heile landet., kan driftssjef Hanne Langås fortelle.
Annonse
Før sjølve opningsseremonien framførte barnehagebarna frå Øvre Rindal barnehage songen "Liten, men likevel stor", passende både for artistane og butikken!Foto: Ole Trygve Foseide
Butikksjef Merete Børset var glad og letta for at dei kunne ønske velkommen til denne nyopninga. Ei travel tid med oppussing og klargjering var over, og ho takka alle som hadde vore med og gjort dagen muleg, både lokale, kommunen og Coop Nordvest.Foto: Ole Trygve Foseide
Næringskonsulent Grete Elshaug overrakte blomster og lykkønsking frå Rindal kommune.Foto: Ole Trygve Foseide
Barnehagebarna fekk is som takk for assistansen under opninga. Dei vaksne fekk kaffe og marsipankake medan dei såg seg rundt i butikken.Foto: Ole Trygve Foseide
Slik opnar butikken seg innafor døra.Foto: Ole Trygve Foseide
Oversikt over den ryddige og lyse butikken.Foto: Ole Trygve Foseide
Coop Nordvest var sterkt representert under opninga av den døgnopne butikken på Nybø. Frå venstre ser vi Ole Andre Leivdal, Morten Ebbesen, Linda Halseth Tangvik, Beate Røros, Lena Kringen Bye og Jomar Sommervold.Foto: Ole Trygve Foseide
Emma Bolme Vuttudal serverte marsipankake og kaffe til opningsgjestene.Foto: Ole Trygve Foseide
Det er ikkje alle butikkar som har rasteplass og eigen leikeplass!Foto: Ole Trygve Foseide