ANNONSE:

To menn holder frem en bok
Johan Øiestad og Svein Sæter har vore kameratar sia barnehagen. Tysdag inviterer dei til førjulskveld i Bondehuset, blant anna med historier frå boka dei skreiv for skremmande mange år sia, «A-laget».

Blidspent førjulskveld i Bondehuset

«Åge Hareide» og «Nils Arne Eggen», i Johan Øiestads versjon, er blant gjestane når Stangvik grendalag inviterer til triveleg førjuskveld tysdag.

 Johan Øiestad og Svein Sæter er barndomsvennene som skreiv bok saman: «A-laget. Norges 25 største fotballspillere gjennom tidene». På førjulskvelden byr dei på sterke og elleville historier frå denne og andre bøker, sekundert av ei rekkje kjendisar. Sjølvaste «Kong Harald» vil ha oppsyn med det heile.

Det blir òg musikalske innslag ved Dagny Marie Øiestad. Dessutan høve til å handle julegåver frå Stangviks eige bokforlag, Blomsterhaug, pluss bøker skrivne av Svein. Forlaget melder om «latterleg låge prisar».

Førjulskvelden startar klokka 19 i Bryå i Bondehuset. Det er gratis inngang, og det blir sal av kaffe, kaker og rundstykke til inntekt for Stangvik grendalag.

Powered by Labrador CMS