Bondehuset er til stor samfunnsnytte – får 400 000 kroner frå Kulturminnefondet
Bygget som får støtte ligg i Stangvik i Surnadal og er i dagleg bruk. Bondehuset skapar busetnadsglede og er ein viktig møteplass både for bygdas 100 fastbuande, men òg for alle andre som vil oppleve kultur.
Sjølv om huset har vore jamnt vedlikehalde, treng det no eit skikkeleg løft for å framleis kunne vera den praktfulle storstua for store og små høve. Kulturminnefondet har gleda av å tildele inntil 400 000 kroner til reparasjon av fasadar.
Dette skriver Kulturminnefondet i ei pressemelding.
Opera, Vårsøg og festspel
I ei tid der utflytting, nedlegging av butikkar og skular truar mange bygder i Noreg, er store kulturtiltak viktige.
Stangvik er ei lita bygd i ein forholdsvis liten kommune, men klarer likevel år etter år å befeste seg som ei viktig festival i Midt-Noreg. Stangvikfestivalen har fått ord på seg for å ha ekstrem høg musikalitet og særeigenskap.
I tillegg har dei fleire andre kulturarrangement der grendelaget samarbeider med Operaen i Kristiansund, Vårsøghelga og Festspela i Kristiansund.
– Utvikling av Bondehuset er eit prosjekt som ivaretar både miljømessig, sosial og økonomisk berekraft, skriv Lise Mari i søknaden til Kulturminnefondet.
Vil utvikle for framtida
Sjølv med jamnleg vedlikehald, ber forsamlingshuset preg av å trenge eit skikkeleg løft, særleg med tanke på bruk i framtida. Skadeomfanget består av utette vindauge som ikkje er originale med vatnlekkasjar og følgjeskader der det er råteskader i kledning og konstruksjon.
Bondehuset rommar mellom anna ein stor sal med scene, ei mindre sal, ei stue, eit stort kjøkken, i tillegg til kaffikrok, galleri og pub der bygdefolk, turistar og hyttefolk møtes.
– Vi har alt det eit grendehus treng, men håpar å utvikle tilbodet og at huset skal vera i like god stand om 100 år, skriv Lise Mari vidare i søknaden.
Dei gamle teikningane er teke vare på, og Stangvik Grendelag vil bruke desse som grunnlag for oppgraderinga.
– Bygningen er stor og krev mykje energi. Tiltaka bidrar til stor samfunnsnytte for lokalsamfunnet, og energieffektivisering er avgjerande for vidare bruk, seier styreleiar i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln.
400 000 kroner frå Kulturminnefondet skal gå til:
Tilskot blir gitt for å reparere fasadene mot aust og sør ved å reparere og skifte råteskada kledning, tilleggsisolere med treullisolering eller celluloseisolering og tilbakeføre vindauge lik dei originale.