Stangvikfestivalen:

folk synger i mik på scene
Da Enok Monk kom på scena saman med Balkan Brasserie vart det fest!

Balkansk fest i Bondehuset

Dei blei skikkeleg festivalstemning under konserten med Enok Monk og Balkan Brasserie, og publikum ropa etter meir.

Publisert Sist oppdatert

Kontrabass og trøndersk rap

Enok Monk opna konserten og starta rett på med nokre forsiktige tonar frå kontrabassen, før det fort tok seg opp med både hardare bass og rå trøndersk rap.

Dei tok publikum med inn i tankane sine og greidde å skape både ei dyster og humoristisk stemning på èin gong.  

Erlend Smalås og Trond Wiger.

Erlend Smalås og Trond Wiger i Enok Monk kallar seg "ein ulovleg kombo frå Trondheim" og har spelt saman i ulike samanhengar tidlegare. No har dei gjeve ut plate saman, som har fått namnet "føkt mose". 

Musikken vi fekk høyre i Bondehuset fredag kveld var spanande og original, og gav publikum ei unik oppleving.

to på scene med kontrabass
Enok Monk gav publikum ei unik oppleving.

Balkanmusikken vart teke godt imot i Bondehuset

Etter ein minglepause med litt påfyll av drikke og kanskje ein dotur (anten i fjæra eller på dass, som Enok Monk snakka om), var det klart for kveldens andre band: Balkan Brasserie.

Først møtte vi Anne Fossen på vokal og Jovan Pavlovic på trekkspel som fekk publikum inn i balkansk stemning frå første stund.

to på scene med trekkspill
Anne Fossen og Jovan Pavlovic.

Anne Fossen introduserte etter eit par låter resten av bandet som eit fotball-lag med klare rollar.

Resten av bandet besto av:

Keeperen Jarle Vespestad på trommer.

Aggressiv bekk på venstresida: Elisabeth Fossan på tenorhorn.

Ving på venstresida: Eli Blåsmo på trompet.

Libero Christian Aftret Eriksen på tenorhorn.

Møtade spiss frå Møre-traktane: Jan Magne Førde på trompet.

Mur i forsvar: Steffen Granly på sousafon.

mange på scene med instrumenter
Balkan Brasserie!
mann med trompet og mann med trekkspill
Jan Magne Førde og Jovan Pavlovic.

Publikum fekk høyre balkanmusikk i mange former og ein kunne høyre publikum trampe takta. Anne Fossen fekk med publikum på både klapping og synging saman med bandet.

– I tillegg til å spele balkanmusikk så driv vi med noko som er ganske ulovleg, sa Jovan Pavlovic. Og det heiter for balkanifisering av norsk musikk.

– Det er jo ikkje mange som gjer det, heldigvis. Men vi gjer det! spøkte han.

På den måten fekk publikum bli med på å synge "Grevling i Taket" med balkansk vri.

mann spiller trommer
Jarle Vespestad imponerte på trommer!
mann synger i mikrofon
Christian Aftret Eriksen var gjeste-vokalist på deira vri på songen "Bella Ciao".

Video: Sunniva Halvorsen

Feststemning med Enok Monk og Balkan Brasserie

Til slutt kom Trond Wiger og Erlend Smalås frå Enok Monk opp på scena saman med Balkan Brasserie, og da blei det verkeleg fest! Nokre publikummarar reiste seg for å danse litt, og stemninga var til å ta og føle på. Da artistane var ferdige med Åge-sangen "Fire pils og en pizza" ropte publikum etter meir.

folk på scene
Erlend Smalås og Anne Fossen sang "Fire pils og en pizza".
mann med mikrofon
Trond Wiger framførte noko av musikken frå rap-gruppa si "Gode Ord Dør Sist", saman med Balkan Brasserie.
folk synger i mikrofon på scene
Feststemning med Enok Monk og Balkan Brasserie på scena.

Video: Sunniva Halvorsen

– Vi har eigentleg ikkje noko meir, lo Jovan Pavlovic.

Men jammen fekk publikum eit par låtar til likevel.

Denne kvelden går inn i minneboka som ein fest-aften med variert og god musikk. Vi får møte festivalartistene meir i løpet av helga, så det er berre å glede seg!

Powered by Labrador CMS