Heltane frå Todalen
- Med Kåre og Steinar er livet meiningsfullt
Dette er orda til Sylfest Lomheim i fororda til juleheftet Vangsgutane 2020. Todalingen Leif Halse skapte helse med det han skreiv her, seier Lomheim vidare.
80 år
Teikneserien Vangsgutane dukka opp i Nynorsk Vekeblad 5. oktober 1940 som ei motvekt mot dei amerikanske teikneseriefigurane Knoll og Tott.
Frå 1941 har Vangsgutane komme som julehefte, først med Jens R. Nilssen som teiknar. Seinare har det vore fleire teiknarar.
Nyare historie
I år har Vangsgutane ei ny historie av Nils Norberg med Ivan Andreassen som teiknar. Her er vi tilbake i krigsåra og møter tyskarar, opplever tidssprang, flytur til Bergen (på 50-talet?) og tur med Shetlandsskøyte.
Vi møter også att personar frå Norberg sine historier frå tidlegare år, slik som Indianar-Jonsen, som har mesta same rolla som Sterk-Ola, men gutane er lik seg – nysgjerrige og uredde!
Klassisk historie
Halve heftet byr på to klassikarar frå 1954 og 1955 av Leif Halse, teikna av Jens R. Nilssen slik godt vaksne hugsar både gutane, Breisetgubben og Sterk-Ola. Og der er det god gammaldags julestemning.
Ingeniør Knut Berg
Fonna Forlag, som gir ut Vangsgutane, gir også ut heftet om eventyra til ingeniør Knut Berg.
Heftet dette året er eit opptrykk av 1950-utgåva. Teksta er av Vigleik Vikli (Hallvard Sandnes) og teikningane av Roland Stone (Jostein Ørelid).
Vi hamnar i Egypt, og vi får også med oss ein artikkel om egyptologi.
Lykke til med nyare og gamle eventyrlege historier!