Mayse med blomster og konfekt, sammen med ei ung dame som skal ta over drifta. Hun har langt brunt hår og en liten gutt på hånda.
Rørt: Ei tydeleg rørt Mayse (til høgre) har fått blomster, konfekt og gode ord frå styret. No overlet ho trygt stafettpinnen til Liv, som med Jakob på armen rekrutterer nye bøfjordingar.

Vaktskifte på bua

Både vemod og optimisme prega Coop-en på Bølandet fredag. May Iren Dønheim Hovde blir avløyst av Liv Hoås som dagleg leiar.

Publisert

Attåt blomster og godord til avtroppande Mayse spanderte Samvirke-styret blautkake og kaffe på dei mange som møtte fram ved vaktskiftet. Også desse hadde mange godord til May Iren for innsatsen ho har gjort i sjefsjobben. 

Etter ein til dels krevande etappe på 10 år gir ho no stafettpinnen til Liv Hoås, som også har vore ekspeditør her på bua.

Krona på verket 

Bygdefolket er samstemte i at Mayse og ektemannen Geir har utretta mykje for å gjera samvirkelaget levedyktig. Årets modernisering til distriktets første døgnopne hybridbutikk kan reknast som krona på verket. 

Det er to artige historiske linjer ved dette vaktskiftet. Mayse vaks opp i Bøgeilen, der samvirkelaget starta handel i 1948. Påtroppande Liv Hoås er tippoldebarn av Endre Hoaas, som i 1880-åra dreiv handel på andre sida av Bøfjorden.

Arbeid er glede 

May Iren har ein lang yrkeskarriere bak seg. Som mange i hennar heimemiljø lærte ho tidleg å gjera gagns verk. - Arbeid har vore ei glede, ikkje ei plage, seier ho og er full av lovord om sine kollegaer, samarbeidspartnarar og ikkje minst kundane sine. 

Cv’en fortel om start hos Snekvik Kjøtt, arbeid på Coop Enge før Halsa Gjestegård og drift av Rasteplassen på Liabøen. Attåt jobben på Bølandet har ho – som «Buakokkå» - levert mat til mange fester og arrangement. 

Folk som drikker kaffe og spiser kake rundt et bord.
Kaffelag: Litt feiring rundt kaffeborda på «Gammelkontoret».

Ønska jobben! 

Da Bøfjord Samvirkelag i 2014 trong ny styrar, sat ho og eit par venninner ein dag ved kaffebordet og prata om dette. 

- Og da fekk eg litt av ein telefon, seier bror Inge Dønheim, daverande leiar i butikkstyret.

- Mayse ringte sjøl og sa ho ville ha jobben!

Styret var ikkje i tvil om at det var framtida for både bua og kundane på Bølandet. Dei neste ti åra viste at dei hadde fått den butikksjefen dei trong.

- Slå ring! 

- Vi opplever no at unge etablerer seg her og vil ta tak for bygda si, seier Mayse over kaffekoppen på «Gammelkontoret» der ho blir feira med blautkaka. 

- Eg er takknemleg for min stafettetappe på laget og ønskjer Liv Hoås lykke til på den neste, kjem det frå ein rørt veteran. Og med trykk rundar ho av samtalen: - Eg håpar inderleg at bygda også i framtida slår ring om butikken vår! 

Marsipankake med teksten 'Kjære Mayse. Tusen takk for en fantastisk innsats for bua vår'.
Kaka: Teksten på kaka fortel det alle i Bøfjorden vil ha sagt på avskjedsdagen.

 

Powered by Labrador CMS