Hundreåringen Asbjørn
Datoen 6. august 2024 lyg ikkje: Asbjørn Bævre er hundre år. Ikkje til å tru!
Vel. Han har i alle fall nytta tida til eit rikt liv – ikkje minst for andre.
Skaffa ved til byen
Asbjørn vaks opp på Sagtrøa i Bøfjorden, som den sjuande i ein barneflokk på ni. I tillegg til skulegang hos lærar Megard eit steinkast unna var det nok av oppgåver på det lille bruket.
Som 15-åring begynte han som dreng og altmulegmann på Halsa prestegard, der broren Johannes var forpaktar.
- Eg kjørte med eigen hest og dreiv skogsarbeid. Mellom anna leverte vi mykje ved frå Vassdalen til Kristiansund kommune i krisa under krigen, minnest han.
7 mål før pause
Sprekingen spela fotball og var habil målscorar for Halsa-laget, eit blant dei beste på Nordmøre den tida. Ingen får Asbjørn til å skryte av seg sjøl. Men det går enno ord om den gongen han steppa inn på Bøfjord-laget i ein søndagskamp mot Åsskard. Asbjørn rakk berre førsteomgangen før han laut reise med dampen. Likevel scora han 7 mål før han for!
– Og det der har oldedotter Dorsin på damelaget til RBK fått høre, det kan du lite på! smiler dottera Marit Jorid Brennskag.
Da dampen forliste
Med si flotte songstemme var Asbjørn med i Halsa Songlag. Minna frå tida med kunstnaren Olav Halse som dirigent er både vakre og vemodige, synest han.
Han hugsar også godt den dramatiske kvelden i mars 1944 da han og koret drog med rutebåten «Statsraad Riddervold» til songkonsert i Bøfjorden og skipet i snøtjukka forliste ved Skrøvsetholmen.
Emissær - på Royal Enfield
Gjennom heile livet har Asbjørn vore engasjert i kyrkje- og misjonsarbeid. I 1948 begynte han på Bibelskulen i Oslo – noko som la grunnlag for 13 år som emissær for Norsk Luthersk Indremisjon på Nordmøre.
– Da køyrde eg omkring på motorsykkel, fortel han.
– Først med ein stor Royal Enfield, seinare med ein Tempo 150-kubikk.
I dette arbeidet fekk Asbjørn mange venner i bygdene og samarbeidde med gode kollegaer. Ein av dei var Arne Løvold. Solo og duettsong var ein viktig del av forkynninga.
Tang til Algea
I sommarferiane dreiv han mykje tangskurd og skaffa seg eigen båt til dette. Tanget vart levert til Algea Produkter på Frei. Ein temasøndag på museet i Bøfjorden heldt Asbjøn eit levande kåseri om dette.
- Eg hadde med gutar i konfirmasjonalderen, fortalte han.
– Fortenesta var bra. Det kom i alle fall mange nye syklar til bygda!
Heim og yrke
Asbjørn vart gift med si Ragnhild (Ulset) frå Vågbø i 1956. Året før var allereie den nye heimen Tunsvoll attmed Sagtrøa bygd. Ragnhild og Asbjørn fekk borna Marit Jorid, Anne Solveig og Knut.
Etter ei tid med gardsdrift på Ulset i Straumneset og på Båtneset (Vågbø) kom dei att til Bøfjorden, der Asbjørn lenge var i arbeid på Nordmøre Impregnering.
I 1985-86 hadde han og Ragnhild den daglege leiinga av misjonsleirstaden Phillipshaugen i Øksendalen.
Yrkeskarrieren vart avslutta med jobben som vaktmeister ved Bøfjorden skule, der Ragnhild var reinhaldar.
Bedehuset og kyrkja
Som emissær og frivillig har han gjort stor innsats i det lokale kristenlivet. I 13 år var han klokkar i Åsskard kyrkje. Også her gjekk han gjerne ei mil ekstra – som julaftan 1981, da presten vart sjuk og klokkar Asbjørn like godt overtok leiinga av heile gudstenesta i Åsskard-kyrkja!
Den flotte songstemma hans prega tenesta både som emissær, klokkar og deltakar i kristenflokken elles.
Bedehuset Betania i Bøfjorden har vore som ein kjær heim. Her var han av dei som kunne føre ordet. Her dreiv han søndagsskule. Og her han gledd seg over all aktivitet, som songen i Bøfjorden Musikklag og ikkje minst barne- og ungdomsarbeidet.
Velgjort og velstelt
Asbjørn Bævre representerte KrF i Surnadal kommunestyre i to valperiodar og arbeidde godt med viktige saker for både åndsliv og lokalsamfunn.
Som hendt snikkar har han fryda seg i arbeidshuset og skapt mange fine gjenstandar, bord og møblar vi finn i heimar rundt i Bøfjorden. Og ikkje minst har hagestell og utearbeid gjeve stor glede – han har grønare fingrar enn dei fleste!