Maritim temadag på Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Mann foran et lerret.
Jon Storløkken tok oss med verda rundt til sjøs. På lerretet: «Roald Jarl».

På bøljan blå

Publisert Sist oppdatert

Sjøl ikkje på Bøfjorden Sjøbruksmuseum er «bakkstørn», «nokken» og «fallrepet» dagleg sjargong. Men maritime uttrykk fekk meining da Jon Storløkken kåserte om livet på bøljan blå søndag ettermiddag.

Jon (78) er frå Oppdal. 18 år gammal mønstra han på hurtigruta «Håkon Jarl» som maskingutt - for 300 kr månaden. Attåt maskinjobben var det forefallande arbeid, som nettopp «bakkstørn» - å vaske mannskapslugarar.

Flotte naturopplevingar langs norskekysten veksla med sjørøyk og storm. Når ein skiftesvis kunne sjå botnen og propellen på møtande båtar, gjorde det inntrykk på ein tenåring frå fjellbygdene - sjøl om folk i slekta hadde segla i slofarten.

Verda rundt

I januar 1964 begynte Jon som smørar på ein av Norges største båtar - motortankaren «Bruse Jarl» på 52.000 tonn. - Skroget på 236 meter kunne godt romma både Nidarosdomen og Vår Frue-kyrkja! Sa han.

Både frå «Bruse Jarl» og seinare «Roald Jarl» fortalte han artige, dramatiske og ramsalte historier. Jon fekk oppleva store delar av verda: Atlanteren, Middelhavet, Suez-kanalen og Persiagolfen. Frå Canada med jarnmalm for Houston i Texas. Frå New Orleans med korn til Rotterdam. Med last for Vancouver via Stillehavet bar det gjennom Panama-kanalen. Sterkt inntrykk der gjorde minnesmerket over dei mange som døydde av malaria under bygginga av kanalen for 110 år sia.

Også på land

Fire mennesker foran en båt.
Familiebesøk ombord i «Roald Jarl». Frå venstre mor, bror, Jon og far Storløkken.

«Frå livet ombord og på land» kalla Jon kåseriet. Han sørga nemleg også for å få med seg landlege opplevingar når skipet låg i hamn: Hyttetur med slekt av utvandra oppdalingar. Cowboyliv og Davy-Crockettrifle. Bingo og farge-TV for første gong. Imponerande autostradaer og veteranbilar som ein Ford 1932.

Men skipet var jo heimen og arbeidsplassen - i stille og storm. Idyllisk når ein kunne bada i svømmebassenget ombord. Men da orkanen Betzy trefte New Orleans hausten 1965, måtte «Roald Jarl» ha 10 trosser og 2 wirar i land!

Jau, den seinare maskinisten på Kvanne-ferja har så visst erfaring også frå «de syv hav» - noko denne søndagens lille forsamling på Bøfjorden Sjøbruksmuseum sette pris på.

Litt om sandfarten

Ein del av programmet tok elles for seg lokal sjøfart - mest om sandfraktinga frå Surna til Kristiansund. Her tøffa skuter som «Norden», «Surnadalsjekta», «Boy», «Sluk I» og smuglarskuta «Marnet II» over lerretet. Og utviklinga av lastemetodane - frå spade og trillebår, hektolitermål og trålsekk til grabb og hydraulikk - er ein fascinerande del av lokal skipskultur og historie.

Båt
Med 52.000-tonnaren «Bruse Jarl» gjennom Suez-kanalen.
Sofa, rundt vindu, julepynt
Julekveld i Jon sin lugar på «Roald Jarl».
Båt, kanal av vann, natur.
Gjennom Panama-kanalen.
Båt
Heimlegare farvatn: Frakteskuta Norden (Magnussen-familien) med sandlast frå Surna til Kristiansund på 1950-talet.
Powered by Labrador CMS