Konfirmanter i hvite kapper
Konfirmantane klare til innsats. Klokkar Randi Bøe instruerer.

Helg er høgtid

At helg er annleis enn vanleg ørk, kom synleg og hørbart fram ved gudstenesta i Åsskard søndag. Unge og vaksne skapte ei fin stund i aktivt fellesskap.

Publisert

Alle åtte konfirmantane i bygda deltok på kvar sitt område: Salmeorden, programutdeling, klokkeringing, fotografering, prosesjon, korsbering og dåpsassistanse. Alt smidig og stilfullt utført i deira kvite kapper.

To ungdommer i hvite kapper setter på salme tekstnummer på en tavle
Syver og Elida sørga for rette nummer på salmetavlene
Too jenter med hvit kappe
Solvor og May Hilde delte ut salmebok og program
Konfirmanter på vei ut av kirke. Førstemann bærer et kors.
Korsberar Varg og dei andre konfirmantane gjekk fremst i dåpsprosesjonen

Soknerådsleiar Eva Svendsen presenterte både vinterens konfirmantar og dei inviterte 1974-jubilantane - til velkomstapplaus. 

Tema omsorg

I sokneprest Pål Arne Winsnes si første gudsteneste i Åsskard hadde han gleda av å døype vesle Live Heggem Ormset og å formidle dagens tema: Omsorg og nestekjærleik. Dette kom sterkt fram i både bibeltekster, preike, bøner og fellessongar.

Takkoffer hører alltid gudstenesta til. Dagens gåve gjekk til haustens TV-aksjon for Barnekreftforeningen.

Jubileumsmiddag

Soknets årlege jubileumsmiddag for 50-årskonfirmantane var lagt til Bøfjorden Sjøbruksmuseum etter gudstenesta. Sjøl om oppmøtet var mindre enn venta, vart det ei triveleg samling.

Jubileumsmiddagen for 50-årskonfirmantane vart halden på sjøbruksmuseet

Muntre minne frå «prestskulen» hos Karl Jacobsen sat laust. Tilbakeblikk og gode refleksjonar prega hyggesamveret. Og «overhøringa» - i form av spørsmål om sport, pop og politikk frå konfirmantåret 1974 - vekte mange kommentarar.

Kay Arne, Jane og John under «overhøringa». Quiz’en spurte om mykje frå konfirmantåret 1974.

Presten var også jubilant

Prest Winsnes gleid fint inn i gruppa - han var nemleg også konfirmert i 1974. - Men det var i Trondheim, og der er det ikkje vanleg med slike jubileumstreff, sa han. - Difor er det ekstra hyggeleg å bli med her!

Og i utlodninga var det Ronald Åsgård som vann det populære fatet med måleri av Åsskard-kyrkja, eit lite klenodium til minne om dagen og konfirmasjonsåret 1974.

Jubilantane John Gjengstø (t.v.) og Ronald Åsgård med minnefatet – måla av Sigrun Hesjehagen
Powered by Labrador CMS