Bøfjorden sjøbruksmuseum:

Tre personer står og en sitter med trekkspill foran publikum inne på sjøbruksmuseet,
Hovudaktørane fekk god applaus etter programmet: Sigfred Gravvold, Oddmund Solem, Runa Kvalsund og Karen Oddny Husby Gravvold.

Edel toneskatt

Folketonekunsten var eit livskall for samlaren Kristian Halse (1858-1939). Perler frå skattkista hans trilla fram på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert

Det kan lyde paradoksalt å skolere seg til «folkesongar». Men slik Runa Kvalsund formidla melodiar frå Halse sine nedskrifter, fekk publikum rotekte oppleving av den edle toneskatten som folkemusikken representerer. 

Dame med gammeldags skjørt og vid genser, langt hår som synger.
Runa Kvalsund – strålande servitør av folkemusikalsk delikatesse.

Tonar i bunadsmønster 

Forsiringar som reine bunadsmønster, rytmiske finesser og tonale lag «mellom» notelinjene prega formidlinga hennar av «Eg veit i himmerik ei borg», «Den lyse dag» og «Rallmo» i utbroderte melodiar frå Tustna og Surnadal. Alt sunge med lys-skimrande, smidig stemme. - Slike detaljerte nyansar noterte Kristian Halse betre og meir nøyaktig enn andre folketonesamlarar, sa folketonesongaren. - Det gjer materialet hans særleg verdifullt.

Arv frå oldeforeldra 

Eit unikt innslag som avløyste Runa, var «Julverset» med Karen Oddny Husby Gravvold. Ho bevarer framleis dette - utan notar - i nedarva versjon frå oldeforeldra på heimegarden Åsbø.

- Kvar julekveld syng vi verset i vår melodiform på «gammelmåten», bekrefta ho. 

 Karen Oddny song også andre folketonar: «Nyttårsverset» (nedskrive av John Røen), «Ak, mon min Vei» og «Maria på Grip» (Edvard Bræin). 

Mann med trekkspill
Oddmund Solem viste igjen eminent bruk av trekkspelet – her med «Steinutgarden», ein festleg slått av onkel Erling.

 «Steinutgarden» og populære viser 

Med ypperleg bruk av trekkspelets finesser framførte Oddmund Solem slagerar og eigne melodiar. Særleg artig var urframføringa av slåtten «Steinutgarden», som onkelen og spelemannen Erling hadde laga i unge år. 

Oddmund og duoen Karen Oddny og Sigfred Gravvold berika programmet med ei populær avdeling viser og slagerar. Ein gjest i salen, operasongar Erik Rosenius, bidrog med den svenske folkevisa «Till Österland vill jag fara».

Ung mann i dress som spiller piano
Opera- og folkevisesongar Erik Rosenius akkompagnerte seg sjøl i «Till Österland vill jag fara».

 Kristian Halse - arkivsamling 

Svart-hvitt foto av Kristian Halse, en alvorlig kar med kinnskjegg
Folketonesamlar og kulturkjempe: Kristian Halse (1858-1939) i unge år.

Ein lysbiletserie presenterte læraren, tonesamlaren og komponisten Kristian Halse. Den viste ein stor idealist som før mange andre såg verdien av å notere folketonar. Samtidig blir også kona Johanna framheva. Hennar støtte gjorde mannens musikkarbeid muleg. Dessutan var Johanna Halse ein pioner innan nordmørsk vev- og tekstilarbeid, ein fin parallell til den tonale folkekunsten. 

Arkivering av materialet som Kristian Halse samla, vart fullført no i sommar. Gjennom 80 år har mange delteke i dette arbeidet: Hampus Huldt-Nystrøm, Ola Kai Ledang, Rannveig Eikrem, Ivar Mogstad, Marianne Elea Haugen og ikkje minst etterkomarar av Kristian Halse sjøl.

To blide karer ved et bord
Somme kom lange vegar. Kolbjørn Halse (t.h.), informant og barnebarn av Kristian Halse, hadde teke turen frå Averøya. T.v. tidlegare «Hørkelgadd» Rolf Holte, som held til på Røros og fortel at han spelar meir folkemusikk enn nokon gong.

 

Powered by Labrador CMS