Balldag og takk for i sommar:

Tre personer på et kjøkken i et forsamlingshus.
Styremdlemmer sørga for middagsserveringa. Frå venstre Tore Sannes,Gunnhild Vetleseter Bøe og Kirsten Baadnæs Bøe.

Sesongslutt på sjøbruksmuseet

Søndagens «balldag» markerte slutt for sommarsesongen 2024, og samtidig tilbakeblikk på tretti år med museum i Bøfjorden.

Publisert

At fattigmannsretten sildball er furkunnmat, viste det gode frammøtet på finaledagen. Trekninga i sommarens utlodning drog også interesserte. Like eins Alex Kurbanovs klaverperler til taffelet. Ein historisk fotokavalkade over 450 temadagar sia sjøbruksmuseet starta i 1995, passa også bra.

Flere personer rundt to bord med middagstallerkner på.
Sildballen smakte. Rundt bordet frå venstre Eldbjørg Henden (med ryggen til), Terje Holm, Anders Vaagland, Arnt Kjetil Bøe og Halvor Sandnes. I bakgrunnen Bernhard Bøklep, Inger Lise Heggem, Randi Bøe og Kristian Settem (delvis skjult).
En mann og ei dame som sitter ved et bord og spiser mat.
Olav Jan Sættem og dottera Inger Johanne gjesta «gamlebygda». Olav Jan (92) deltok som fotballspelar på det bøfjordske «Makkolaget» for over 70 år sia!
Et forsamlingslokale fullt av folk som sitter rundt flere bord og spiser.
Mange møtte opp på avslutningsdagen.

God mat og musikk

Sildballen, koka av Kjell Arve Vikavoll etter lokal oppskrift og servert med poteter, bacon og kålrabi, fall bokstaveleg tala i smak. Det var middagsgjestane samstemte om.

En mann som spiller på et elektrisk tangentinstrument,
Alex Kurbanov serverte taffelmusikk.

Middagen vart akkompagnert med evergreens på klaver, lekkert spela av Aure-organist Alex Kurbanov, som denne gong representerte balldagens faste ensemble, «Hjemmelaget».

Raust loddkjøp

Dagen avslutta også sommarens utlodning. Den er eit fundament i finansieringa av museet, som ikkje har fast offentleg stønad, men er heilt dugnadsbasert. Og sjøl om publikumsbesøket har vore litt under snittet i år, sette utlodninga ny rekord – med over 35.000 kroner.

Tre personer som holder fram ting de har vunnet.
Blide vinnarar etter trekninga: Marit Sanden, Liv Røen og Reidar Østvik. – Kjekt med boksar til all tyttebæra! sa Marit.

Trekninga fordelte ei stor gevinstsamling til nye eigarar både i salen og med adresse lenger unna. 

– Vi skuldar rause gjevarar og trufaste loddkjøparar stor takk! sa sekretær i Bøfjorden Historielag, Gunnhild Vetleseter Bøe.

Glimt frå 30 aktive år

Som Dagens Tema synte historielaget ein biletserie med glimt frå denne sommaren og frå museets 30-årige historie. Attåt sommaropne søndagar er dette også arena for besøk av skuleklassar, grupper og foreingar. 

- Det er i tråd med formålsparagrafen – «å ta vare på og gjera levande lokal kultur og historie», seier styret. - Dertil rundar museumsbygget, det tidlegare ungdomshuset Bygdevangen, 90 år i år. Så her sit historia i veggane!

Frå før Svartedauen

På lerret gjekk lokalhistoria med raske skritt og med sjøsprøyt for baugen: Frakteskutene med sand til gjenoppbygginga av Kristiansund by etter krigen. Dramatisk lokal krigshistorie. Margit og Magda med kardene og rokken. Lærar Aalmo som starta skyttarlag, fråhaldslag, misjonsforeiningar og postkontor.

To damer i gammeldagse klær.
Dokumentasjon frå ein temadag i 2003 – da museet dramatiserte den 700 år gamle historia om «Gyrid i Okavik». Kirsten Baadnæs Bøe som spelar Gyrid, medan niesa Sigrid Vetleseter Bøe er tenestejenta hennar. Dette var del av den historiske biletserien på avslutningsdagen.

Ja, endatil middelalder i Bøfjorden før Svartedauen: Den rike «husfrøya» Gyrid i Åkvika gav store eigedomar til korsbrørne i Nidaros – deriblant «Drifasætre i Bøarfirði», som det står i eit skiinnbrev frå 1303 – første gongen vi ser dette bygdenamnet i skrift.

Kanskje kjem historielaget seinare med meir dokumentasjon frå dei første 30 åra på sjøbruksmuseet.

Stadig nye gåver

- Historielaget får stadig nye gåver til samlingane på museet, fortel styret. - I år har Frode Bjerkestrand gjeve oss ein klinkabåt bygd på Bølandet i 1932, Bjørn Kvalnesvik ein fin FM båtmotor (Fredrikstad Motorfabrik) og ikkje minst har vi fått flott nordmørsvevnad etter sjølve dronninga i dette faget, Johanna Halse.

Sabben laga stemning

Museets faste maskinist, Anders Vaagland, sørga også på balldagen for at for at Sabb-motoren ved inngangen tøffa og laga stemning for dei frammøtte.

En gammel motor.
Denne flotte FM-motoren er gåve frå Bjørn Kvalnesvik til sjøbruksmuseet.
Powered by Labrador CMS