En mann som står og snakker for en forsamling.
Kåsøren serverte djupe refleksjonar og lett humor i fin dosering.

Samla full sal

Gi mannen ordet, og du får ei oppleving. Det bekrefta eit fullsett museum i Bøfjorden søndag.

Publisert Sist oppdatert

Mannen er Torbjørn Brøske - presten, «landkrabben» eller «heimfødingen», som han kalla seg.

Kåseriet med glimt frå smått og stort frå eit langt liv gav attkjenning og aha-opplevingar med fortløpande respons frå dei rundt 60 i salen. 

Humor og livsalvor

Lattersalvene stod i taket, avløyst av nikkande ettertanke. Her kom ikkje tomme vitsar, under den smittande humoren hos Torbjørn gjenkjente vi eit livsalvor som utfordrar tanken. Dette menneskenære og aktuelle kan minne om likningane i ei viss bok som prestane brukar!

Mellom vabein og skutemodellar på museet erkjente han «landkrabben» i seg. Jau, gutane i Stangvikbukta leika nok at pramma var Kvenna-ferja, med tønneband som ratt. Men historier om forlis på fjorden skapte otte for sjøen.

Martin Stokken og keeper Svensson

Derimot var han fenga av idrettsheltane på 1950-talet. I tallause langrennsrundar rundt tunet i utlampljøset heime «var» han Martin Stokken og «slo» både Heikki Hasu og Mora-Nisse.

– Men hoppe på ski kunne eg ikkje. Eg berre «rente over hoppen» og kom 3-4 meter, smilte han og glytta bort på Martinus Kvendset ved vindusbordet. Martinus hadde pers på minst 50 meter, fekk vi høre.

Blant fotballheltar henta Torbjørn fram mange, som Harry Boye Karlsen og Sveriges landslagskeeper, den fattige torpar-sønnen Kalle Svensson.

Fotball av avispapir

Hans eigen fotballkarriere starta med ballar av avispapir surra med snøre, laga av Romsdalspost og Verdens Gang som far Trygve abonnerte på. Papirballane varte knapt dagen ut, men dei var lette å dempe. 

– Første ballen med blære og luft inni var eit sjokk, fortalte Torbjørn. 

– Den spratt jo opp og ned i det uendelege og var umuleg å få kontroll på!

En mann som snakker for en forsamling.
Med Torbjørn på plakaten vart det folksamt rundt borda på sjøbruksmuseet.

Søya-minne

Muntre minne frå IL Søya sin glansdagar skapte mange nikk rundt borda. Her samspela Torbjørn med Lars Moøy. 

– Lars var allveg best, sjøl om han ikkje var på banen, som avis skreiv! Han trena endatil med vekter, av springvassrør med sementfylte bilfelgar utpå!

Ein god kåsør samtalar gjerne med sitt publikum. Alf Engdal og Torbjørn hugsa i fellesskap friske kampar mellom Bøfjord og Søya på 60-talet.

Skepsis

Stangvik krets hadde ikkje bane – med tre fotballag, hugsa Torbjørn. - No er det fleire banar, men ikkje lag!

Trua på fotballen har han eientleg mista. Svimlande profflønner og press på ungane våre om å koma med på aldersbestemte eller bli avviste, stilte kåsøren seg sterkt skeptisk til – og fekk støtte i salen.

Av tankevekkande poeng fram midt i eit flanerande kåseri var også skulestart det året ungane fyller 6. 

– Det skaper ein stor forskjell på dei som er fødde på nyåret og dei som er mesta året yngre, poengeterte Torbjørn. 

– Her har også forskarane nyleg ropa varsko!

Prest heime og ute

Torbjørn var sokneprest i Surnadal frå 1987 til 1996. Deretter følgde 14 år som sjømannsprest – i Stockholm, San Francisco og Paris.

Som pensjonist har han vikariert i periodar både for sjømannskyrkja (Norsk kirke i utlandet) – mellom anna på Gran Canaria – og i Den norske kyrkja (Kristiansund, Tingvoll, Halsa og i heimkommunen Surnadal). Seinast i vår fullførte han konfirmantundervisninga i Stangvik, Todalen og Åsskard.

Både gripande og muntre minne frå prestetenesta utgjorde siste del av eit kåseri som baud på glitrande humor og gripande ettertanke.

Fortent takk og stor applaus etter munter sluttreplikk!
Powered by Labrador CMS