Bøfjorden sjøbruksmuseum:

Ei dame som står og holder opp et innrammet portrettfoto av en mann, foran et gammelt kateter i et museumslokale.
Randi Bøe «plasserte» lærar Aalmo ved hans eige kateter, som no er bevart på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Fram i lyset

Mange i bygdene våre fortener ære for det dei har skapt. Søndag henta Bøfjorden Historielag nokre slike fram i lyset.

Publisert

Mest ære til Bøfjord-læraren og idealisten Ole Aalmo (1861-1943): Han drog i gang skyttarlag, to misjonforeiningar og to fråhaldslag, stod i spissen for meieriet, var første poststyraren - og bygda sin lærar i bortimot 20 år.

Publikum på museet fekk både ny kunnskap og kunne bekrefte mykje dei visste om denne kulturpioneren. Gammelonkel-barna Berit og John Aresvik kom frå Aure og møtte opp.

En godt voksen mann som sitter ved et bord, med flere gamle bøker, bilder og skilt foran seg.
Historielagsleiar Bernt Bøe presenterte kulturmannen Ole Aalmo med glimt av det han utretta i Bøfjorden – frå skyttarsak til misjon.

Skyttarlaget og Krag’en

Hjelmen Skytterlag er no i sitt 137. år, aktivt og modernisert, med toppnamn som Eline Lillegård i rekkene. Ho følgjer stadig opp pioneren, som stifta laget i 1888 og som demonstrerte Krag Jørgensen-geværet ved å skyte ned ein ørne på flukt over fjorden!

At han i sin iver heldt skyteopplæring i skuletida, førte til reprimande frå tilsynsutvalget ved skulen. Men den stod han av.

Folk som sitter i et forsamlingslokale og ser på bilder på storskjerm.
Under biletkåseriet – her med historikk om Hjelmen Skyttarlag.

Fråhaldssak og post

Som ivrig fråhaldstalar drog Aalmo heile Nordmøre rundt med lysbildeforedrag (alt i 1890-åra!) og organiserte fullasta passasjerskip til demonstrasjonstog i Kristiansund.

Han stempla første brevet på Bøfjorden postkontor laurdag 1. juli 1889 og styrte dette heilt til 1903, da han flytta og unge Marie Skrøvset overtok jobben.

Meieri og misjon

For Bøfjordens Meieri var han administrator, førte rekneskap og sørga for eksport av bøfjordsk smør til Faber & Son Ltd i Newcastle!

Også misjonsfolket hadde ein fin støttespelar i lærar Aalmo. Han drog i gang Bøfjordens Missionsforening i 1884 og Heggems Kvindeforening i 1892. 

Kvinnene sette spor

Men rett skal vera rett: Han stod ikkje åleine i kulturarbeidet. Nokre kvinneprofilar på eit misjonsfoto frå 1943 vart trekte fram i programmet. Trass i store barneflokkar og tunge arbeidskår sette dei spor det står respekt av.

Mellom desse var nibarns-mora Johanne Settem på Moen. Ho var dotter av det høvedsmannen Gammel-Ingbrekt og det legendariske arbeidsjarnet Jørri i Bøklepplykkja. Johanne og dei ti søskena representerte sterke drag av livet langs fjorden.

Historiene om Guro Grøtan (1849-1955) er mange. I si tid var ho landets eldste og vart som 105-åring flott portrettert i bladet Alle Kvinner. Guro hadde sin eigen reknemåte: - Om fjortendagar er det treveker til kua mi skal bera!

Frå Sjølgjetla til Cuba

Maret Kalset var frå den karrige plassen Sjølgjetla - der altså dyra «gjette-seg-sjøl». Ikkje dess mindre vart sønnen Fredrik norsk attaché og konsul på Cuba – der han vanka blant verdensnamn og var dus med sjølvaste Ernest Hemingway!

Eventyrperle frå Sollia

På misjonsbiletet frå 1934 sit også Maret Olsdotter Sollid – som er kjelda til ei perle i norsk eventyrlitteratur. Folkeminnesamlaren Edvard Langset skreiv 1920 ned «Guten i gadden» etter henne. Dette eksempelet på unik forteljekunst finst ikkje andre stader i landet. Så da Det Norske Samlaget gav ut serien Norsk Eventyrbibliotek rundt 1970, fekk eine bindet nettopp tittelen «Guten i gadden»: Maret kunne ta plass i var nasjonale litteratur!

Ei jente som sitter og holder ei gammel bok foran seg. Ei godt voksen dame sitter ved siden av henne ved bordet.
Augusta (7) og mormor Randi med samlinga «Guten i gadden». Namnet er etter eventyret frå Sollia og Dalabakken, som Maret Sollid skaffa plass i norsk eventyrlitteratur. (Maret kan skimtast i venstre kant på misjonsbiletet frå 1934.)

Missionsauktion anno 1884

Med kvinneforeininga si møtebok frå 1884 som manus dramatiserte skuleelevar frå Bøfjorden i 1986 ein typisk misjonsauksjon på Aalmo si tid. Biletserien frå dette prosjektet, innifletta fleire samtidige drama, avrunda søndagens museumsprogram.

Jau, dei som bygde land og levevis, fortener sin plass i lyset!

Et gammelt bilde. Ei eldre dame i en gammel sofa, med ei ung jente på hver side. De unge jentene er kledd i gammeldagse klær. De er utkledd som ei dame og en mann fra noen tiår tilbake.
Frå skuleprosjektet «Missionsauktion» (1986). Veteran og vertinne Kristine Heggem saman med elevane Tanja Heggem (t.v., barnebarn av Kristine) og Elin Bøklepp.
Powered by Labrador CMS