Bøfjorden sjøbruksmuseum:

En mann som holder en PC foran seg og viser fram skjermen, ei dame sitter ved siden av og snakker med han.
PC-assistent Bernt Bøe lærte mykje nytt. Med biletet på skjermen fortel Ingrid at taco i dag er meir typisk norsk enn kjøttkaker!

Typisk norsk?

Kva er typisk norsk mat? Kåseri utfordra gamle myter.

Publisert Sist oppdatert

Søndagens kåseri «Mat og tradisjon» av Ingrid Kristine Holten Sollid på museet i Bøfjorden vart ein frisk presentasjon av nye og kanskje uventa tankar om emnet.

Rosa formødrene

Innleiingsvis løfta ho fram formødrene våre. - Dei gjekk ikkje på butikken etter ferdigprodukt. Tenk på alt arbeidet dei sjøl måtte gjera – frå å skaffe råstoff fram til delikate rettar stod på bordet!

Som småjente var ho fascinert av bestemor Olga i Settemsdalen og korleis ho arbeidde. Sjøl har Ingrid følgt opp med å bruke godt gammaldags kjøkenutstyr og nyttiggjera seg naturens sunne og velsmakande ressursar.

Freistande «Ingridsalat»

Biletserien med matrettar av naturens urter og kortreist grønt vekte beundring blant dei frammøtte. - Altfor få har oppdaga all den gode smaken ein kan hente i naturen og like utafor stuedøra, seier ho og slår eit slag for både «Ingridsalat» og «Ingridlunsj». 

Når ho i tillegg er ein ypperleg fotograf, vart bileta på lerretet også reine appetittvekkjarar. Som ein sa etterpå: - Vi vart skikkeleg svoltne!

Tre damer som står og snakker sammen. Foran dem en PC-skjerm.
Kåsør Ingrid (t.v.) i samtale med to av dei ho imponerte, Inger Lise Heggem og Torbjørg Settem. «Ingridlunsj» på skjermen.
Ei gryte med ball som koker.
Men sildballen i «gryta hennar bestemor» er ustoppeleg lokal mattradisjon.
Et forsamlingslokale full av folk som ser på bilder på et lerret.
Stor interesse i salen under biletkåseriet.

Pizza utklassar kjøttkaker!

Noko av kåseriet snudde opp-ned på kva vi reknar som «norsk tradisjonsmat». Vel kåra vi både i 1972 og 2014 fårikål som vår nasjonalrett. - Men den er jo komen frå Danmark! seier Ingrid. - Og kjøttkaker er like typisk i andre land som hos oss!

Med støtte i ny statistikk slår ho fast at pizza har passert gamle rettar på rankinglista. I 2015 slo ein NRK-statistikk nemleg fast: «Pizza er Norges største middagsrett hver eneste dag.»

Tvilsame matprosessar

Som lastebilsjåfør i mange år bekreftar Ingrid det ho elles har googla mykje på: At såkalla «norsk» mat ofte gjennomgår ein langreist og usunn miljøprosess frå råstoff til kjøpeprodukt i nærbutikken.

Med sterkt engasjement la ho fram begrunna påstandar om tvilsame helsemessige, miljømessige (og politiske) trekk ved mange matprodukt..

Applausen og kommentarane etterpå vitna om at Ingrid Kristine Holten Sollid hadde gjort inntrykk med kåseriet «Mat og tradisjon».

Programmet hadde høveleg «tonefølgje»: Anders og Peder starta Sabben utafor trappa og minte dermed om fiske og sjømat-tradisjonar. Tøffinga og lukta av båtmotoren er vel i alle fall typisk norsk?

To eldre menn og en gammel båtmotor.
Maskinistane Anders Vaagland (t.v.) og Peter Sæther sørga for takfaste kommentarar frå Sabben ved ytterdøra.
Powered by Labrador CMS