Inviterte elevane til forfattarbesøk
Forfattar og illustratør Marianne Gretteberg Engedal gav første- og andreklassingane i Surnadal ei fin avslutning på skuleveka.
Fredag blei elevane i 1. og 2. klasse invitert på forfattarbesøk på Kulturhuset med Marianne Gretteberg Engedal.
Engedal leste høgt frå boka si "Pølsetjuven" og fekk med seg elevane på å kome med sine tankar og innspel.
Pølsetjuven handlar om tjuven Kjell og familien som lever av å stele. Kjell vil eigentlig ikkje vere en tjuv, men kjenner seg pressa av familien. Boka tek opp tema som samvit og å tore å vere den ein er.
Det var tydeleg at boka engasjerte elevane, og fleire ville låne boka på biblioteket etterpå.
Engedal er òg illustratør, og lagde ei teikning som elevane fekk komponere saman. Dei var ivrige på å kome med forslag til kva som skulle vere med på teikninga. Da dei sa ho skulle teikne seg sjølv, var dei ikkje heilt einig om at det likna på ho. Det blei mykje latter og god stemning i kinosalen.
Engedal har reist rundt i Noreg til skuleelevar med bøkene sine, og Surnadal var siste stopp på turen. Vi takkar for besøket!