Haustlys med Astrid
Torsdag opnar utstillinga «Haustlys» i Finstuå på Surnadal Kulturhus. Vi har vore innom Atelier Fjordblå i Bøfjorden og møtt den særprega kunstnaren Astrid Narvestad Wærdahl.
Ho var designar i Lillehammer-OL. Ho laga grafisk design, logoar og animasjonar for program, nyheter og vermelding på TV2. Logoen for Hotel Cæsar var også hennar verk! Dessutan har Astrid lenge vore formgjevar hos Amfi Kreativ i Surnadal.
På Haugtun i Bøfjorden har ho saman med ektemannen Ludwig Wærdahl bygd opp eit kunsthus der ho stadig skaper nye verk som gjer inntrykk.
- Her frå Fjordblå nyter eg ein inspirerande utsikt over ei vakker bygd med velgjerande ro og stillhet, seier Astrid.
Originalt
Rommet bugnar av kunstverk som for ein stor del skal danne utstilling i Finstuå resten av månaden.
– Det er ein serie med 11 digitale trykk, handmåla med metallisk akrylmåling, sier ho. Astrid arbeider på ein måte som gir bileta hennar eit personleg og originalt uttrykk. Ho forklarer til ein ikkje-ekspert med notisblokk:
- Bileta blir laga som høgkvalitets digitaltrykk på akrylplater. Deretter bearbeider eg dei ved å måle lag på lag med metalliske akrylfargar. Dette gir ei eiga djupn og virkar også slik at biletet «lever» ved å endre seg med lyset i rommet.
Resultatet gir på sin måte eit 3-dimensjonalt preg. Astrid legg til at ho har eit spesielt forhold til dei blå fargetonane. Inga tilfeldighet at kunstnarhuset heiter Fjordblå!
Spennande karriere
Astrid budde i Askim til ho var 11 år, da ho flytta til Kristiansand. Ho var ei tid lærar på Senja og jobba så på kontor i Oslo.
Men kunstinteressa var sterk og retningsgjevande. Hennar livs- og kunstkarriere kan vi omtale i korte trekk.
Alt som barn elska ho å tegne. Opp gjennom åra leika ho med strek og fargar. - Croquis var fascinerande, minnest ho. – Og ved Kunstskolen på Røros sist på 70-talet gjekk det i tre, keramikk og metall.
Ho tok fire års utdanning ved Bergen Kunsthåndverksskole og hospiterte elles ved Kunstakademiet der. I 1983 var Astrid representert ved Vestlandsutstillingen som besøkte mange plassar - også Færøyane. Året etter deltok ho i Sørlandsutstillingen. Ho er medlem av Norske Billedkunstnere.
Lillehammer-OL og TV2
Engasjementet som grafisk designar tre år før og under Lillehammer-OL var synleg (men delvis anonymt) på mange måtar. Som minne heng eit banner med referanse til det klassiske OL-mottoet «Citius – Altius – Fortius» (Raskare, høgare, sterkare) ved vinduet bak arbeidsbordet i Atelier Fjordblå. Ho vann førstepris for sin kulturplakat. - Og den pryda endatil eit sportsblad i Japan, smiler Astrid. - Men det har eg ikkje sett sjøl!
I løpet av dei 15 åra hos TV2 i Bergen (1994-2009) fekk ho mange venner - med kjente namn. - Og det hender eg får besøk i Bøfjorden av kollegaer derifrå.
No har ho trappa ned etter 14 år ved Amfi Kreativ på Skei.
«En søken»
I brosjyren for utstillinga «Haustlys» skriv kunstnaren: - «En søken mellom det som er for stort og det som er for smått. Det Ytre og det Indre. En lengsel etter å finne ro et sted imellom. Uten å miste håpet om noe større.»
Det ligg an til ny og uvant kunstoppleving for dei mange som kjem innom Finstua i dagane framover!