Handel og konfeksjon:

3 menn og 2 gutter kledd i dress smiler mot kamera
Desse viser ekte Settemsdals-konfeksjon: Svein (frå venstre), Geir, Varg, Syver og Nils Johan.

Mangt frå Settemsdalen

Kledeproduksjon og handel, bjønnajakt og frodige personar har prega Settemsdalen. Dette var tema på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert Sist oppdatert

Gode informantar hjelpte historielaget med stoff til ein times biletkåseri. Sporty mannekengar starta programmet med å vise produkt frå konfeksjonsfabrikken Settemsdal AS, som for 70 år sia sysselsette 18-19 personar.

To kvinner holder opp en blå jakke
Margrete og Tove Mogstad med eit settemsdalsk stasplagg i herleg stoff og snitt: Jakken og buksa som Olav Mogstad (mølnaren) fekk målsydd etter OL-dressen frå 1952! Og bror Dagfinn fekk ein tilsvarande i barnestørrelse.

Velsydd og vakkert 

Syver stilte i Hjelmen-dress størrelse 12 år, Varg i blåjakke etter OL-modell 1952, Nils i søndagskleda hans Jonas Bæverfjord, Svein i vaksen Hjelmen-jakke med tilsvarande knickers og Geir i elegant gabardinkappe.

4 jakker henger på hver sin kleshenger
Fleire stasplagg. Frå venstre Hjelmen-dress (utlånt frå Negarden ved Inger Settemsdal), findress og barnedress (utlånt av Ingrid og Jan Einar Bæverfjord) og gabardinkappe (Negarden).

Alt var velsydd - i vindmaul, gabardin og førsteklasses dressty. Elles produserte dei ymse plagg - frå skjermhuver til damedrakter. - Kappa eg fekk til konfirmasjonen, var sjølsagt sydd her, skyt Elise Settemsdal inn. - Men kjolar laga dei ikkje. 

Frå steinfunn til mjølkerobot 

Dagens biletserie opna med sjumilsskritt gjennom bygda si historie. Det var funn frå muleg steinalder, bjønnahistorier, grenda som middelaldertun (town) og portrett av markante damer: Guro Grøtan (1849-1955) var i si tid landets eldste. 

Peder Settumbsdall hadde sagbruk i hollendertida på 1600-talet. Hans Nielsen Hauge var her i 1799. Tragiske ting skjedde ved Liavatnet for 150 år sia. Stor optimistisme prega bureisinga under krigen. Og fellesfjøset i Oppigarden, med robotstyrt mjølking, viser at bygda følgjer med i tida.

Mange utflytta og nokre heimebuande settemsdalingar var blant dei seksti frammøtte. 

Settemsdal AS 

Det meste av biletkåseriet handla om tekstilbedrifta Settemsdal AS. Denne starta på loftet i Negarden i 1936. Ivar Settemsdal hadde fagbrev frå Sigurd Sæther på Surnadalsøra. Saman med brørne Kåre og Erik bygde han i 1938 fabrikken og bustaden Midtstad - attmed dagens busshaldeplass. Her vart det også butikk og post etter kvart. 

En gammel Singer symaskin
Lite er att av utstyret på skreddarverkstedet. Men knappholsymaskina eksisterer.

Attåt syarane «på golvet» var Kåre Settemsdal og John Foss salgsagentar. Med bedrifta sin IFA-bil knytte dei kundekontaktar på Nordmøre, i Trøndelag og Østerdalen. Levering av feltkapper til forsvaret var dertil ein stabil leveranse.

Kommentarane i forsamlinga sat lett. - Seinare vart den avskilta IFA-en ein suveren leikeplass for ungar frå heile Bøfjorden, bemerka Mary Lovise Moen, dotter av Erik Settemsdal. 

Butikk og post 

Rundt 1950 starta Erik daglegvarehandel i underetasjen. I søndagens kåseri vart denne presentert av sønnen Geir - med tegningar og utdrag frå rekneskapen. Fleire supplerte med minne frå bua. Her spente vareutvalget frå mjølk, smør, sjokolade og tobakk til nyttårsrakettar og dynamitt. Ein gummiball til Bøfjorden skule i 1963 kosta kr. 4,50 og skapte nok liv og røre i friminutta. 

En gammel vekt, symaskin og strykebrett og strykejern
Den klassiske Berkel-vekta frå butikken i Settemsdalen. Og symaskina til høgre var i bruk på fabrikken.

Elise Settemsdal var ekspeditør rundt 1960. Ho hugsa mangt, for eksempel kor tregt sirupen rann frå fatet ute på det kalde lageret vinters tid. – Litt skreddar var eg også og sauma knappar i gylfen på mannfolkbuksene, smilte ho. 

Midtstad hyste også Settemsdal Brevhus i 1950- og 60-åra. Omsetninga var stor - særleg fordi mykje konfeksjon vart sendt i postoppkrav. 

Gradvis opphør 

Men tidene endra seg. På 1960-talet trappa både kledeproduksjon, post og dagleghandel ned. Magne Bergheim dreiv butikken til 1967. Formelt vart Settemsdal AS oppløyst i 1976. 

Historielaget uttrykte stor takk til dei som hjelpte til med å hente fram denne fargerike epoken i Settemsdalen si historie – særleg Geir Settemsdal, Elise Settemsdal, Asbjørn Solem, Roar Sætherø, Inger Settemsdal og Arve Settemsdal. Og ikkje minst vart dei takka som hadde lånt ut Settemsdals-konfeksjon til framsyning på temadagen. 

Ruth og Ingebrigt Sætherø kjøpte bygninga i 1977 og dreiv der handel med måling, husinventar og liknande. - Og så minnest eg at dei hadde kiosk med is og brus ei tid, kunne Øyvind Magnor Bøe fortelje. 

Roar Sætherø, sønn av Ruth og Ingebrigt, har vore eigar sia 1995. Men no står det skilt med «Til salgs» på veggen. 

Mange drikker kaffe rundt bord
Mange tok ettermiddagskaffen under historietimen på museet.
Powered by Labrador CMS