Bøfjorden historielag:

Framsida av 'Gamle Nordmør 2024'

Gamle Nordmør 2024 er her

Når Bøfjorden Historielag no gir ut årboka Gamle Nordmør for 13. gong sia 2012, er det med kultur- og historiestoff frå og for eit vidt lokalområde.

Publisert Sist oppdatert

Boka er ikkje først og fremst denne bygda sitt «årsskrift», men har heile Nordmøre som område for stofftilfang og som lesarkrets. Boka er på 80 store sider og har over 300 foto, skriv historielaget i ei pressemelding.

Her viser Magnar Sigbjørn Holten glimt frå den artige 90 år gamle lagsavisa «Dølen» frå Bøverdalen. Endatil med frisk konsertkritikk av operaen «Orfeus» i Kristiansund 1928! 

Dei enorme steinmurane ved Heggemsneset er omtala som fantastiske monument over odlinga av mor Norge i si tid, i artikkelen «Tale i stein». 

300-årsjubileet for Halsa kyrkje blir skildra med kyrkjeroing, gapestokk og levande personportrett av prestar og klokkarar frå gamle dagar. 

Artikkelen om skotthyll vil kanskje skape nytt liv i ei populær leik? 

Sia Bøfjorden Historielag nettopp avrunda sin 30. sesong med sommardagar på sjøbruksmuseet, gir årboka fyldig tilbakeblikk på ein stor og godt besøkt aktivitet. Langt over 20.000 har vore innom på desse temadagane. Temaglimt frå over 450 foredrag spenner frå 700 år gamle skinnbrev og ukjende mellomalderhus til moderne tid. 

Seterliv (ved Svein Arnes), Nordmørs-vevnad og historikk om mjølkerampen (Lars Indreiten) har eigne oppslag. 

«Året rundt med primstaven» er nærmast ei handbok om bakgrunnen for merkedagar og høgtider og korleis desse vart feira i bygdene våre. For eksempel skulle ungane i Todalen ha «ein gong mat, men tri gong dengt» på langfredag!

Det gamle surnadalske mønsteret «Sællemshaugrosene» er gjenoppliva av Steinar Sæterøy, og Gamle Nordmør etterlyser originale kister etter kunstnarane på Solheimshaugen. 

Operabyen Kristiansund kan hente mykje i denne boka. Detaljert omtale av prestasjonane i «Orfeus og Eurydike» 1928 er skrive av ein ungdom frå Bøverdalen.

Hundreårsportrettet av byens «glømte» operastjerne Hjørdis Lauenborg vil truleg vera ei aha-oppleving for mange. Kven visste om ho? 

Elles har Johs J. Vaag skrive om redaktøren, idrettsmannen og motstandsmannen Einar Sæter.

Gjensynet med Klagemuren på Bølandet under årets Bøfjord-helg, historikk om båtar og skipsbygging og mykje anna er å finne på ei variert innhaldsliste.

Gamle Nordmør er å få i bokhandlar og mange nærbutikkar.

Powered by Labrador CMS