Bøfjorden Historielag

Styret i Bøfjorden Historielag er klare for ny sesong på museet. Attmed modellen av den legendariske galeas «Aurora» står Inge Dønheim (frå venstre), Tore Sannes, Bernt Bøe, Kirsten Baadnæs Bøe og Gunnhild Vetleseter Bøe.

Museumsopning med middag

Søndag ringer skipsklokka på Bøfjorden Sjøbruksmuseum til avgang mot ny sesong

Publisert

Middag, kaffe, loddsalg og jubilerande lysbildekåseri står på menyen.

Lokalet - det opprinnelege ungdomshuset «Bygdevangen» fyller 90 år. Tilbakeblikk på tida som danselokale, kinosal og arena for ulike aktiviteter innleier kåseriet. Frå 1995 har Bøfjorden Historielag drive sjøbruksmuseum her. Behovet for å ta vare på tradisjonar om skipsfart og fiske var stort, og museet har fylt eit tomrom i lokalkulturen.

Mykje av biletprogrammet gir gjensyn med barneleikar og bunadfest, personportrett, veteranbilar, naturopplevingar og flotte skuter i storm og stille. Mange vil kjenne seg att som deltakarar og publikum.

Museet har program kvar søndag fram til 8. september, og styret i historielaget lovar spennande kulturinnslag som «Dagens Tema».

Gjestar kan nyte kaffe og tilbehør både på søndagar og elles etter avtale – som her Rindal Pensjonistlag på nyleg besøk

Det er gratis inngang med høve til å kjøpe lodd, medlemskort, kaffe og av og til middag – som sodd no på opningsdagen.

Den 30. sesongen sia starten har forresten tjuvstarta. Både bygdekvinner frå Fosen, pensjonistar frå Rindalen og 9.klassingar frå Surnadal har allereie vore innom og vorte kjende med nordmørsk sjøkultur.

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS